TV-aksjonen 2026

Fem personer i svarte T-skjorter står samlet ved kasser i en butikk.
Innsamlingskomiteen i Surnadal kommune, her representert ved Siv Torvik, Elinor Bolme, Herdis Solli, Gunn Bredesen og Elsa Kvande.

Bli bøsseberar! 

Det er den klare oppfordringa frå Rådet for Surnadal frivilligsentral, som er lokal komité for TV-aksjonen 2026 i Surnadal kommune, som blir arrangert søndag 18. oktober.

Verdas største innsamlingsdugnad 

Årets TV-aksjon har fått namnet «Saman for mennesker på flukt», og inntekta går til NRC Flyktninghjelpen. Saman skal vi gje over 400.000 menneske på flukt ein trygg heim og håp for fremtida. 

Årets TV-aksjon er søndag 18. oktober mellom klokka 14:00 – 16:00. I Surnadal kommune, som er ein vidstrekt kommune, treng komiteen i år rundt seksti bøsseberarar for å dekke heile kommunen.  

Komiteen håpar difor på at mange frivillige vil melde seg som bøsseberarar og vere med på den store dugnaden. Ein kan melde seg som bøsseberar på Bli bøsseberar eller ved å ta kontakt med dagleg leiar for Frivilligsentralen, Siv Torvik, på telefon 478 75 485. 

SpareBank 1 Nordmøre og økonomiavdelinga bidreg 

Økonomiavdelinga i Surnadal kommune stiller med frivillige for å telje pengar under innsamlingsdagen, medan SpareBank 1 Nordmøre stiller med frivillige for å ta imot pengane og kontere dei.  

Innsamlings-kafé med minikonsert og loddsal  

Sjølve innsamlingssøndagen inviterer komiteen frå klokka 15:00 – 18:00 alle til innsamlingskafe i lokala til Surnadal frivilligsentralen på kulturhuset.  

Her blir det sal av kaffe og kaker, det blir minikonsert med Tordenskjold songlag og loddsal. Alle inntektene frå innsamlingskafeen går til TV-aksjonen. 

Komiteen håper både privatpersoner og næringsliv vil bidra med gevinstar som kan loddast ut. Dei som vil bidra med dette kan ta kontakt med Siv Torvik på telefon 478 75 485. 

Fysiske bøsseberarar gjev resultat 

I fjor var første året, på fleire år, at det var fysiske bøsseberarar og ikkje berre digitale bøsser i Surnadal kommune.  

– Vi ser at dette heilt klart at dette gjev høgare innsamla beløp per innbyggar, konstaterte dagleg leiar i Surnadal frivilligsentral, Siv Torvik.  

Ta godt imot bøssebærarane og kom på innsamlingskafé  

Komiteen håper alle tek godt i mot bøsseberarane søndag den 18. oktober, og at mange kjem innom frivilligsentralen for litt sosialt samvær og ettermiddagskaffe! 

Powered by Labrador CMS