Snorklipp for milliardkontrakt og heilt nye elbussar
Onsdag var det snorklipp for den nye milliardkontrakten mellom FRAM og Vy Buss for «rutepakke 6». Denne rutepakken gjeld for Indre Nordmøre og deler av Molde kommune, samt tre FRAM Ekspressruter.
Kontrakten har ein verdi på 1,1 milliardar kroner og gjeld frå 1. juli 2026 til 30. juni 2036. Kontrakten gjeld FRAM Ekspressrutene 901 Kristiansund-Sunndalsøra-Oppdal (Togbussen), 902 Surnadal-Molde og 905 Molde-Kristiansund-Surnadal-Trondheim.
I tillegg til FRAM Ekspressrutene gjeld kontrakten også all skulekøyring i kommunane Surnadal, Sunndal, Tingvoll og deler av Molde kommune.
Kontrakten inneber at bortimot alle bussane frå og med 1. juli vil vere elektriske. Berre nokre minibussar og eit par turbussar vil etter 1. juli vere dieselbussar.
– Dei nye bussane gir både miljøgevinst og ei betre reiseoppleving. Samtidig stiller vi tydelege krav til kvalitet og drift, sa samferdsdirektør i Møre og Romsdal, Jesper Wiig.
Dei nye bussane vil redusere CO2 utsleppa med 200, tonn la han til.
Dei nye bussane er bygd av Yutong i Kina og Vy Buss har investert i 2 modellar. Det er toppmodellen T15E til ekspressrutene og IC 12 og 15.
Dei nye bussane har gode sete med mange moglege innstillingar. Verkeleg gode å site i vr konklusjonen til dei som var innom og prøvesatt dei. Dette blir bra for passasjerane, spesielt for dei som reiser langt.
Regiondirektør i Vy Buss Midt-Norge, Heidi Renolen takka FRAM for tilliten dei viste ved å tildele Vy Buss denne milliardkontrakten.
- Jeg er glad og stolt for at FRAM valgte oss, og eg er glad for at fylkespolitikerne tør å være fremsynte og satse på elbusser, sa hun under snorklippingen.
Det var fungerende ordførar i Surnadal, Annett Ranes som stod for snorklippinga. Ho var positiv til at det no blir satsa på elbussar.
- For meg representerer bussen bak meg en god hverdag, flere muligheter, god samvittighet og en bedre fremtid, sa Annett Ranes før hun klipte snora.
- Jeg vil i dag gratulere FRAM og Vy Buss med flunkende nye busser og håper det i innkjøringsperioden bare blir smårusk å følge opp, både for dere og oss som skal ta bussen, sa hun etter at ho hadde klippa snora.
Teamleiar for sjåførane, Terje Grimeli fortel at det er etablert sju ladepunkt i samband med dei nye elbussane, Det er i Surnadal, på Sunndalsøra, på Tingvoll, på Oppdal, I Eidsvåg, i Molde og i Kristiansund.
I tillegg har dei tilgang på lading på Piren i Trondheim, forutan at alle bussane er utstyrt med ladekort for andre ladarar, dersom det skulle bli behov for ekstra lading.
- Har akkurat snakka med sjåføren som kjørte fra Kristiansund til Trondheim på morgenen i dag, og ved ankomst Trondheim, så hadde han brukt 31% av strømmen, så dette ser bra ut, sa Grimelid.
Både Grimelid og dei andre sjåførane som var tilstede gler seg til å ta i bruk dei nye bussane.
Til slutt var det kaffe og kaker, og det var høve til å ta ein titt inn i bessen for å sjå og prøvesitte.