Ole Foss presenterer sitt idealistiske Gambia-prosjekt – her saman med støttespelar Jan-Øivind Jensen og songarar frå P17.

Songbasar slo til

Onsdagens songbasar i Todalen Ungdomshus hadde målsetting om 5 000 kroner til brønnprosjekt i Gambia. Stor stemning og gjevarglede skaffa over det dobbelte.

Publisert

Visegruppene Basarensemblet (Kristiansund og Sunndal) og Kvameratene (Molde) var gjestar hos vertskoret Prosjekt 17. Allsongen stod i taket, og gruppene framførte kvar sine perler.

Basarensemblet fekk fart på allsongen. Frå venstre Kristine Neraas, Sverre Svendsen, Jan-Øivind Jensen og Per Ove Dahl.

Idealisten og «kvameraten» Ole Foss heldt inspirerande appell om arbeidet for utdanning, mat- og vassforsyning i fattige Gambia. Han fekk ideen for mange år sia og har oppnådd mykje lokal støtte via kulturarrangement og ulike bidrag.

Jan-Øivind Jensen og Basarensemblet er ivrig og fast støttegruppe. Med variert allsongprogram frå Prøysen til Elvis, Paus og Guthrie skapte dei stor stemning i salen. 

Trioen Kvameratene imponerte også. Eit festleg høgdepunkt var Ole Foss si «Borelia-vise» - inspirert av eit flått-bitt med (muntre) komplikasjonar. 

– Kjempe-flått! kommenterte publikum.

Kvameratene – frå venstre Ole Kjell Orset, Ole Foss og Tor Hole.

Vertane P17 bidrog med litt Bellman, Haydn og utdrag frå korets «Seterkabaret» og «Med segl og Wichmann».

Salget av kaffe og lodd skaffa mange kroner til Afrika-prosjektet.

- Vann-vittig bra!, kommenterte Ole Foss og lova at resultatet blir ein «Todalsbrynn» i Gambia - med skilting som fortel om innsamlinga denne onsdagskvelden i ei lita nordmørsbygd!

Strykande salg av kaffe og lodd til den gode saka – med vipps og kontantar.
Powered by Labrador CMS