Portrettfoto av ei smilande dame.
Jenny Klinge

Jenny Klinge legg stortingsvervet på hylla

Etter 25 år som folkevald, der 18 av dei har vore på Stortinget, har Jenny Klinge sagt at ho ikkje vil vere disponibel for attval til Stortingsvalet i 2025. Det skriv Senterpartiet i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

– Det er lærerikt og meiningsfullt å få vera folkevald. Ombodsrolla, som inneber mykje arbeid som ikkje visast, er noko av det viktigaste vi bruker tid på. Ved kvar nominasjon har eg måtte vega for og mot å halde fram. Dette jo er eit krevjande verv og ein bind seg i praksis fem til fem og eit halvt år fram i tid frå ein gir svaret sitt. Eg er glad eg har sagt ja dei føregåande gongane, men denne gongen har eg landa på at svaret er nei, seier Jenny Klinge.

Klinge har hatt desse verva i Stortinget sidan 2009:

2009-2013
Medlem, Justiskomiteen, 20.10.2009 - 30.09.2013

2013-2017
Medlem, Justiskomiteen, 17.10.2013 - 30.09.2017

2017-2021
Medlem, Justiskomiteen, 12.10.2017 - 17.10.2017
Første nestleder, Justiskomiteen, 17.10.2017 - 30.09.2021

2021-2025
Medlem, Næringskomiteen, 19.10.2021 - 30.09.2025

– Eg har ikkje tenkt å legge meg i stabilt sideleie det halvanna året som er att av perioden, men vil likevel nytte høvet til å takke Senterpartiet for tilliten eg har fått alle desse åra. Det å få representere dette partiet og dette fylket er rett og slett stort. Det som sit att mest er møtet med trivelege, engasjerte, kunnskapsrike og målretta folk både i eige parti og blant dei mange andre eg har fått møte. Det er lærerikt og meiningsfullt å få vera folkevalt. Ombodsrolla, som inneber mykje arbeid som ikkje visast, er noko av det viktigaste vi bruker tid på, seier Jenny Klinge.

Nominasjonsnemda v/leiar Ingunn Oldervik Golmen vil takke Jenny Klinge for den innsatsen ho har lagt inn for Møre og Romsdal Senterparti i lang tid. Ho har gjort ein fenomenal jobb for både lokallaga, fylkeslaget og partiet sentralt. 

– Ho har utmerka seg spesielt godt i mange saker, til dømes politireform-saka, og vi mistar ein svært god representant for partiet når ho trer ut av Stortinget. Men vi respekterer sjølvsagt beslutninga hennar og vil jobbe vidare for å få til ein god nominasjonsprosess for fylkeslaget, sier Golmen.

Powered by Labrador CMS