Portrettbilde av ei ung dame.
Dordi Boksasp Lerum

Forslag om at rustesting og politihundar må tilbake i skulen

I ein interpellasjon til Fylkestinget 10.-11. juni i Fosnavåg fremjar Dordi Lerum (Sp) forslag om å la skular igjen inngå avtalar om frivillig ruskontroll med elevar, og å be politiet gjennomføre ransakingar med politihundar der det er behov for dette. Bakgrunnen for forslaget er den aukande bruken av narkotika blant barn og unge, og fleire skular som fortel om openlys kjøp og sal av narkotika inne på skulane.

Tidlegare var det praksis på mange vidaregåande skular å inngå frivillige ruskontrollavtalar med elevar. Denne praksisen var avslutta i 2020/2021 (les meir HER).

Lerum fortel at narkotikabruken blant barn og unge i fylket aukar, og at politiet har oppretta fleire straffesaker mot elevar i dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal det siste året. 

– Narkotika er farleg, difor må det også vere ulovleg. No må skulane få tilbake verktøya dei treng for å sikre ein trygg kvardag for både elevar og tilsette. Difor meiner eg at rustesting av elevar og bruk av politihundar er tiltak skulane og politiet skal ha høve til å iverksetje, sier ho.

Lerum opplyser at kring 2/3 av elevane i Møre og Romsdal søkjer seg til yrkesfaglege linjer. 

– I motsetnad til på studiespesialiserande linjer, vil yrkesfagelevar jobbe med store maskiner, bruke farlege verktøy eller vere tett på sårbare menneske. Rusbruk blant elevar kan difor få særleg store konsekvensar på yrkesfaglinjene våre, men i motsetnad til ein framtidig arbeidsgjevar har ikkje skulane i dag lov til å inngå avtalar om frivillig ruskontroll med elevane. Eg håpar no at Fylkestinget kan gi nye politiske signal, slik at praksisen med rustesting vert gjeninnført, sier ho.

Ho understrekar at dette ikkje handlar om å mistenkjeleggjere ungdom, men om å bygge eit lag rundt dei som treng hjelp. 

– Frivillige avtalar om rustesting har vore eit viktig førebyggjande tiltak, og i fleire tilfelle har det hindra at farlege situasjonar har oppstått. Når ein elev er rusa, er det ikkje berre han eller ho som er i fare, men også medelevane, lærarane og omgjevnadene. I interpellasjonen stiller eg også spørsmål til Fylkesordføraren om dei helsefaglege resurssane som er tilgjengeleg for elevar som brukar narkotika, avsluttar Lerum.

 

Powered by Labrador CMS