To menn står i en inngang, og den ene holder en blomsterbukett.
Ordførar Hugo Pedersen delte ut Eldrearbeidsprisen 2026 til Bernt Idar Gudrunson Bøe.

Bernt Idar Gudrunson Bøe tildelt Eldrearbeidsprisen for 2026

Under Pensjonistforbundet sitt julebord på Nordmøre Folkehøgskule onsdag ettermiddag, vart Surnadal Eldreråd sin Eldrearbeidsprisen for 2026 delt ut. Dette var sekstande gongen prisen vart delt ut sidan 2011.

Publisert
Eldre voksne spiser og snakker sammen rundt et langbord i en restaurant.
Over hundre hadde meldt seg på til årets julebord i Pensjonistforbundet.

Pensjonistforbundet i Surnadal sitt julebord samla i år godt over hundre julestemte medlemmer som såg fram til underhaldning og  julemiddagen.  

- Det er all grunn til å gle seg til ein god middag frå det eminente kjøkkenet her på folkehøgskulen, sa Brynhild Tjelle da ho ønskte medlemmene velkomne.  

Mange mennesker sitter ved bord i en lys konferansesal med skjerm foran.
Mange kom for å vere med på årets julebord.


Ordføraren orienterte litt om det som går føre seg i kommunen 

Ordførar Pedersen konstaterte først i sin korte tale under julebordet at budsjettforliket på Stortingen bergar folkehøgskulen både i Surnadal og dei andre plassane i landet.  

- Dette er en stor seier for oss som har kjempa for folkehøgskulane, sjølv om det føles som ein omkamp frå i fjor, sa Pedersen.  

Mann med mikrofon taler til sittende gjester i et lyst, julepyntet lokale.
Hugo Pedersen orienterte litt om ståa i Surnadal kommune

Han kom også litt inn på debatten som har gått om vinter- eller julelys,  

Pedersen kom også litt inn på forseinkingane i byggeprosessen for det nye helsehuset som skal byggas, men han såg ikkje for seg at dette ville føre til stor forseinking i ferdigstillelsen av helsehuset.  

Han konstaterte også at Surnadal kommune har eit allsidig og robust næringsliv med mange lokalpatriotar, flinke bønder og skogeigarar, stor frivilligheit med mange aktive og flinke organisasjonar.

Musiker spiller trekkspill på en stol i et lyst lokale.
Oddmund Solem sørga for musikk, både julesongar og eigenkomponert musikk.

Eldreprisen 2026

Det var ordførar Hugo Pedersen, på vegne av Eldrerådet, som delte ut prisen, som i år vart tildelt ein allsidig kulturberar og ein flott representant for frivilligheita i kommunen, Bernt Idar Gudrunson Bøe.  

Eldrerådet sine ord om prisvinnaren 2026: 

Årets vinnar er ein av dei framste kulturberarane i kommunen. Han har vore lærar, rektor, lokalhistorikar, organist, journalist, kulturbyggar, brubyggar mellom generasjonar.  

Han har eit stort engasjement for frivilligheita og kyrkja. Han har vorte lagt merke til langt utanfor heimbygda.  

Han har tidlegare mellom anna fått Målprisen frå Nordmøre mållag, Surnadal Sparebank sin utviklingspris, Kleivaprisen og Kongens fortenestemedalje.  

Glad og takknemleg vinnar

Det var ein glad, takknemleg og litt rørt prisvinnar Bøe som takka for prisen.  

- Først av alt ville seie takk for prisen, og det er stort å få seg sjølv presentert på denne måten, sa Bøe i starten av takketalen sin.  

- Det største med er å få vere med på dugnaden, avslutta ein glad og stolt vinnar av Eldrearbeidsprisen 2026. 

Vi gratulerer Bernt med prisen!

Powered by Labrador CMS