LESARINNLEGG:

KrF sitt alternative Statsbudsjett: 
4 milliardar meir til norske kommunar

Publisert Sist oppdatert

Norske kommunar leverer livsviktige kvardagstenester til unge og gamle i heile landet. Frå barnehage og skule, til helse, omsorg og hjelp når livet er krevjande. Høgare rentekostnader, fleire eldre og store omstillingar lokalt legg press på desse tenestene. Derfor prioriteter KrF kommunene høgt i sitt alternative statsbudsjett for 2027.

KrF har tillit til at dei som kjenner lokalsamfunnet best, er også best istand til å prioritere mellom lokale behov. Derfor vel vi først og fremst å styrke dei frie inntektene til kommunane, framfor å binde

KrF aukar kommunene sine frie inntekter med 4 milliard utover regjeringa sitt forslag. I tillegg styrkar vi også fylkeskommunane sin økonomi med 500 mill mellom anna for å gi større rom for auka rassikring og oppgradering av fylkesvegar.

193 millionar til Møre og Romsdal

For Møre og Romsdal betyr dette ei styrking av kommuneøkonomien på 193 millionar, fordelt etter storleiken på kommunane. Dei tre byane ville fått godt 80 mill meir, fordelt på Ålesund: 42 mill, Molde: 21 mill. og Kristiansund : 17 mill.

Vi styrkar også toppfinansieringa av ressurskrevjande tenester innanfor helse og omsorg, for å sikre gode tilbod over heile landet. Det viktigaste grepet for å vri statsbudsjettet i ei meir «kommunal» retning, er å ta bort mva-fritaket for elbilar, og dessutan også legge ei redusert eingongsavgift på elbilar. (25% i forhold til bilar med forbrenningsmotor.)

Kommunale tenester er ryggrada i det norske velferdssamfunnet, og Fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF meiner det er avgjerande viktig å prioritere kommuneøkonomien i eit elles stramt statsbudsjett.

KrF Møre og Romsdal
Fylkesstyret

Powered by Labrador CMS