Stem i - du og!
At songen tonar blant oss, vitnar om sunn kultur. Difor nokre tankar, og ei oppfordring, no når jula pustar på stemmebanda.
I eit halvt hundreår har eg fått vera saman med syngande venner - i kor og forsamling. Eg deler gjerne kva forskarar seier om song og sunnhet: Betre pust, hjerte og immunforsvar. Mindre stress og nedstemthet. Auka trivsel og velvere. Tilhørighet og felles glede. Og songane sit att når minnet sviktar.
No om dagen kling julesongane med liv og lyst i kora. Og like viktig: Med innleving og trong til å formidle noko stort!
Men feirar vi jul med musikk, spør vi oss også: Kvifor? Kva får oss til å øve på dette i månadsvis? Kva får hundretusenvis til å samlast på konsert for å lytte og synge med?
På heimtur frå ei korøving i Todalen spurte eg meg slik. Og svaret vart nokre vers og ein melodi: «Til eit lite BARN vil eg gå med min song» og vidare «med mi bøn, mi synd - og vår jubel».
Midt i alt det storslagne og festlege med denne høgtida dreier det seg om møtet med det fattige barnet i eit krøtterskjul, vi seier gjerne ein stall, attmed Betlehem i noverande Palestina. Den merkelege starten på det kongedømet vi i to tusen år har kalla kristendom. Med alt tilhørande kyrkjeliv og kultur.
Diktarar og komponistar har teke juleevangeliet inn i hjertet. I dei enklaste viser og dei mektigaste verk er det Jesus-barnet det gjeld. Og for ein rikdom av tonar og tekster. Tenk deg ein kultur utan julemusikken!
I desse dagane inviterer kora deg til å møte opp, lytte, stemme i og gi juletonane liv. Slik både dei og vi andre fortener!
Eit foto av evigunge Tordenskjold Songlag (starta i 1908) illustrerer desse tankane. Ein tradisjonsberar som har delt juletonar i over hundre år og bekreftar ideen i innlegget!