ANNONSE:
Førjulskveld med bokpresentasjon i Myrvang
Stangvik historielag ønsker velkomen til førjulskveld i Myrvang forsamlinghus tysdag 8. desember kl. 19. Arrangementet er ope for både medlemmar og ikkje-medlemmar.
Lars Steinar Ansnes presenterer si nye bok «I mitt landskap - erindring og undring» i samtale med illustratør Brit Polden. Brit vil også fortelje om NRK-serien Nasjonale turistveger, og korleis det var å bli eit kjent TV-ansikt over natta.
Programmet inneheld vidare musikalsk innslag ved Karstein Mauset, presentasjon av historielaget sitt årsskrift for 2026 og orientering om stadnamnprosjektet.
Under førjulskvelden blir det sal av signerte bøker og årsskrift, og du får kaffe og kaker for ein billeg penge.
Det er gratis inngang.