Tove Lise Torve, dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS orienterte om framdrifta i prosjektet

Frukostmøte med Todalsfjordprosjektet på agendaen

Onsdag morgon inviterte Surnadal Næringsforening til frukostmøte på Hammerstuene på Surnadalsøra. På agendaen for frukostmøtet var det status for Todalsfjordprosjektet som stod denne gongen, og dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS, Tove Lise Torve, kom frå Sunndal og orienterte om status for prosjektet.

Publisert Sist oppdatert

Todalsfjordprosjektet er eitt av 28 ferjeavløysingsprosjekt i Norge, men det einaste i Møre og Romsdal fylke. Ideen om ei ferjefri fjordkryssing vart første gong lansert i 1939, altså for snart 90 år sidan.

Torve orienterte under frukosten først litt om Todalsfjordprosjektet AS sin rolle. Selskapet er eit er ein pådrivar for ferjefri fjordkryssing mellom kommunane Surnadal og Sunndal, og er ansvarleg for å finansiere planlegginga av prosjektet og foreslå ei finansieringsplan for gjennomføringa. Det er Møre og Romsdal fylke som er vegeigar, og som blir ansvarleg for sjølve investeringa og driftskostnadane når prosjektet er ferdig bygd.

Torve kunne vidare fortelje at prislappen for prosjektet per i dag ligg på rundt 4,8 milliardar kroner, men at prosjektet framleis er prioritert på førsteplass på Møre og Romsdal fylke si investeringsplan for større fylkesvegprosjekt. Men ho understreka at det var viktig for selskapet å følge med på at prosjektet vart opprettheldt og at et vart løyvd pengar til planlegging og framdrift av prosjektet.

Styre- og eigaroversikt for Todalsfjordprosjektet

Todalsfjordprosjektet inkluderer i dagens plan 7,2 kilometer med ny veg, der bru over Todalsfjorden utgjer 777 meter og tunellen frå Rakaneset 4,2 kilometer. Prosjektet skal mellom anna finansierast med ferjeavløysingsmidlar og momskompensasjon.

I fjor haust vart det montert målestasjon på Rakaneset, medan det i haust vil bli montert ein tilsvarande ein på Svinneset. Desse målingane vil gå over fleire år, og kartlegge vind- og vêrtilhøve i området der brua er planlagd bygd.

Torve kunne også fortelje at Todalsfjordprosjektet skal leier eit arbeid med mål om å styrke dei nasjonale rammevilkåra for ferjeavløysingsprosjekt i Norge.

Under frukostmøtet var det også høve til å stille spørsmål både til dagleg leiar Torve og styreleiar Bergsvein Brøske, men det var nok ein grundig gjennomgang Torve hadde, for det vart ikkje så mange spørsmål, men ho hadde eit håp om at prosjektet skulle stå ferdig til sytti-årsdagen hennar i 2033!

Sjølv om det kan verke som prosjektet står litt i stampe og har lita framdrift, så viste dagens orientering frå Torve at det blir jobba mykje og godt med prosjektet, så det er absolutt håp om realisering, i alle fall i god tid før hundreårsjubileet for første gong prosjektet kom på banen! 

Powered by Labrador CMS