LESERINNLEGG:
Narrespel om Todalsfjorden
Todalsfjordprosjektet er ute med ein ny sesong... I førre veke vedtok Fylkesutvalet å sjå på billigare fjordkryssingar, inklusive flytebru – men avgrensa samtidig utgreiinga til den vedtekne traséen, over Svinvik. Dermed skal ein tilsynelatande leite etter nye og rimelegare løysingar, men berre der det vil vere lite å hente, og ikkje for å finne størst mogleg innsparing. Det er godt kjent at flytebru ikkje er billegare enn hengebru over eit så kort strekk som Svinvik–Rakaneset (700 meter).
Problemet er sjølvsagt kostnaden for heile prosjektet og vedtekne trasé: over 12 kilometer med nye vegar, tunnel, bruer og kulverter. Skal kostnaden ned med minst éin milliard kroner frå dagens rundt 5 mrd., slik eigarkommunane og fylket endeleg har innsett må til for at ikkje prosjektet blir skrinlagd, må ein gjere som Surnadal kommunestyre vedtok i september: løfte blikket og vise vilje til å undersøkje løysingar ein hittil har nekta sjå på. Éi innlysande innsparing er å seie nei til ny veg mellom Svinvik og Åsbøen, men det har til no vore uaktuelt for Surnadal, som allereie har gjort offer i Svinvik-området. Uansett er det heller ikkje nok. Da er det uforståeleg at ein ikkje vil undersøkje om ei ca. 2 km lang flytebru, i kombinasjon med gjenbruk av fylkesvegen på begge sider, vil gjere jobben. Den politiske prosessen i fylket framstår ikkje som ei reell jakt på ei realiserbar løysinga, men som eit politisk narrespel der sisteakta allereie er regissert – og endar i eit tragisk sjølvdrap.
Eg har ytra meg mangt og lenge om ferjefri Todalsfjord. Målet har heile tida vore å få fram synspunkt som kan auke sjansen for at denne samferdselsdraumen ikkje endar som eit mareritt for indre Nordmøre. Eg skal spare dykk frå å repetare alt her, men eg vil gjenta nokre av hovudargumenta for å gjennomføre ei fagleg og grundig utgreiing av ei moderne flytebruløysing i ferjetraseen, før eventuelt fylkestingsrepresentantane no i oktober låsar prosjektet enda fastare til det fortapte Svinvik-alternativet:
1. KOSTNADAR. Indikasjonar, mellom anna frå skisseprosjektet TFP AS fekk gjennomført for nokre år sidan, tyder på at ei slik løysing kan koste milliardar mindre enn Svinvik-alternativet, der prisen no altså er i vill galopp mot fem milliardar kroner. Nettopp fordi tala er indikasjonar, trengst ei meir grundig og samanliknbar utgreiing av flytebru og tilkomsten på begge sider av fjorden; det har aldri vore gjort! Å avvise flytebru i ferjetraseen før kostnadane er kvalitetssikra er uansvarleg, både ift. offentleg pengebruk og risikoen for at prosjektet blir skrota.
I tillegg til investeringane vil over 12 km ny veg gi vesentleg auke i drift- og vedlikehaldskostnader for eit fylke som allereie har eit enormt vedlikehaldsetterslep på vegnettet sitt. Ein ny hovudtrase kan dessutan føre til at delar av dagens fylkesvegar, til dømes gjennom Ålvundfjorden, blir kommunale, og belaste allereie pressa kommunebudsjett.
2. FRAMDRIFT. Det seier seg sjølv at ei 2 km lang bru med korte tilkomstvegar på begge sider vil vere langt raskare å både regulere og bygge, enn over 12 km med nye vegar/tunnel/bruer, over mange eigedomar og med mange ukjende faktorar. Fylket er redd for at prosjektet skal bli ei «ørkenvandring», men det motsette kan bli resultatet: ei rimelegare flytebruløysinga kan føre oss på vegen til det samferselsmessige «lova landet» ein ferjefri Todalsfjord vil vere.
3. BEREKRAFT. Møre og Romsdal har teke mål av seg om å bli landets fremste berekraftfylk. Da må berekraft vere meir enn eit slagord. Å gjenbruke dagens vegar framfor å leggje asfalt over dyrkamark og sprengje og støype seg gjennom fjell, passar langt betre med denne ambisjonen. Verftsindustrien på nordvestlandet er aktuelle leverandørar av kortreiste bruelement. Ei seksjonsbygd flytebru kan dessutan demonterast og naturen tilakestillast ved slutten av levetida, dersom behova/teknologien skulle endre seg. Dersom fylket vel maksimal nybygging utan å greie ut maksimal gjenbruk, blir spagaten mellom festtalane og dei faktiske prioriteringane vanskeleg å forklare.
4. KOLLEKTIVTRAFIKK. I dag går bussane mellom Ålvundfossen og Surnadal gjennom bygdene der folk bur, mellom anna Ålvundfjorden og Kvanne. Med ein ny hovudveg over Svinvik risikerer desse stadene å bli blindvegar. Eit vegprosjekt som skal binde regionen saman, bør ikkje samtidig gjere kollektivtilbodet mindre relevant for dei som bur langs dagens trasé.
5. UTFART OG TURISME. Ei flytebru, med gangfelt og utstikkarar vil bli eit nytt og fantastisk utfartsområde, fiskeplass og turistmål på fjorden, med panoramautsikt mot Trollheimen og Europas reinaste natur.
Ingen samferdselsprosjekt er utan utfordringar. Ei flytebru mellom eksisterande vegar på begge sider vil òg ha konsekvensar og krevje grundige undersøkingar. Men nettopp derfor må løysinga utgreiast på same premiss og nivå som Svinvik-alternativet – ikkje sorterast bort gjennom eit mandat som på førehand avgrensar kvar ein får leite. Dersom målet faktisk er eit ferjefritt samband som fylket har råd til å byggje og halde ved like, framstår flytebru og omfattande gjenbruk som det mest rasjonelle og kanskje einaste gode alternativet.
Oppmodinga til fylkespolitikarane er derfor klar: Set reguleringa av Svinvik-alternativet på pause, og bruk så nokre av millionane og eitt år på å leige dei beste fagfolka og få ei uavhengig, grundig og samanliknbar utgreiing av ei moderne flytebru i området Kvanne–Rykkjem. Dersom denne løysinga er for dyr eller teknisk urealistisk, vil ei open utgreiing vise det. Men dersom politikarane ikkje eingong vil undersøke den, må dei slutte å narre oss og late som om dei ønskjer å finne ei rimeleg og realistisk løysing for å krysse Todalsfjorden.
Trond Skogseth, Surnadal