Påskesongmesse i Åsskard langfredag - ei sterk oppleving

Publisert Sist oppdatert

Songmessa for heile påskehøgtida som Bernt Bøe hadde arrangert, var ei sterk oppleving, frå palmesøndags «Hosianna! Himmel og jord kvede» (1765 – Hemsley) og den mektige «Gører portane høga» av Gunnar Wennerberg) til påskedags «Deg være ære, Herre over dødens makt» og fellessong «Å salige stund uten like».

Koret Prosjekt 17 er godt samsunge med gode stemmer, også vakre mannsstemmer, og med forsterking av solist Turid Røen Kroknes, som song fleire soloparti.

Denne kvelden hadde Bernt fått med ei vakker instrumentgruppe, Ebba Ringmar, obo, Synnøve Hammervold, fiolin, og Zhala Aliyeva, cello. Det var så fint å høyra dei to folketonane frå Møre «O tænk dig hin skjærtorsdagsnatt» (Ak, mon min vei) og «Som den gylne sol frembryter.» Saman med organisten på piano gav gruppa ei gripande ramme om det som var hovudtemaet for denne langfredagskvelden: Jesu sju ord på korset, sett saman av tekster frå alle dei fire evangelistane, lese i veksellesnad av klokkar Randi Bøe og vikarprest Cathrine Grutle. Presten hadde også ein tankevekkande andakt over ei av tekstene om oppstoda.

Innleiing til tekstlesinga var den spesielle, men vakre salmen av Edward Elgar: «Heil deg Herrens sanne lekam» (Ave verum corpus). Mellom lesningane song kyrkjelyden dei seks versa av «Naglet til et kors på jorden» og solisten song «Når krossen underfull» så vakkert.

Kyrkja var nær fullsatt og kyrkjelyden fekk også delta i allsong.

Det er stort at nokon har kapasitet til slike løft ut av kvardagen, også i små landsens kyrkjer.

Opptak frå messa på Youtube:

Powered by Labrador CMS