Surnadal kommune melder:

Tilbod om 3. dose til pasientar med særleg svekka immunforsvar

I tråd med regjeringa si beslutning om å tilby 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar, ønsker FHI at kommunane no informerer om dette avgrensa tilbodet.

Kven skal få 3. vaksinedose?

Dette skriv FHI: Det er i hovudsak to pasientgrupper med alvorleg svekka immunforsvar som no skal vurderast for ei 3. dose:

Gruppe 1: Mindre og veldefinerte grupper kor alle pasientar vil få tilbod:

Organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller pågåande graft versus host-sjukdom som krev immunsuppresjon etter vurdering av behandlande sjukehusspesialist, alvorleg og moderat primær immunsvikt, aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5, avansert eller ubehandla hiv-infeksjon.

Gruppe 2: Større grupper der behov for 3. dose og eventuell tilpassing av immundempande behandling i forhold til vaksinasjon må vurderast for kvar pasientgruppe:

Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immunsuppressiv behandling, pågåande betydeleg immunsuppressiv behandling av annan årsak der indikasjon er vurdert av spesialisthelsetenesta, pasientar som av ansvarleg sjukehusspesialist er vurdert til å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor.

Barn

FHI seier at det i utgangspunktet ikkje er grunnlag for å anbefale ei 3. vaksinedose til barn med alvorleg svekka immunforsvar på gruppenivå, men det kan likevel vere enkelte pasientar der dette vurderast som nødvendig og ønska. Slike beslutningar takast av barnelege.

Kven identifiserar og informerer pasientar, og kor skal dei vaksinerast?

Hovudregelen er at det er spesialisthelsetenesta som identifiserar og varslar pasientane om tilbod om ei 3. vaksinedose. Dette betyr at pasientar vil få beskjed frå behandlande lege i form av eit brev som dokumenterar at dei tilhøyrer dei aktuelle sjukdomsgruppene over.

Dose 3 i Surnadal:

Surnadal kommune ber om at pasientar som mottek eit slikt brev, tar kontakt med koronavaksineringa for å bestille seg time til dose 3 her:

  • Kontakt oss på e-post: [email protected] Du skal ikkje oppgi diagnose eller sjukdomshistorie på e-post. Du treng kun å vise til at du har motteke brev/varsling frå behandlande lege om at du har tilbod om dose 3 og korleis vi kan kontakte deg.
  • Kontakt oss på vaksinetelefon: 913 79 001. Vaksinetelefonen er open tysdag og torsdag kl. 10.00 – 11.30 og fredag kl. 09.00- 15.00
  • Du vil få tildelt time til 3. vaksinedose basert på anbefalt vekeintervall frå du fekk 2. dose (minimum 4 veker).
  • Du må ha med deg brevet frå behandlande lege som dokumentasjon når du kjem til vaksinetimen din.

Dose 3 på sjukehus:

Pasientar med lengre sjukehusopphald vil få tilbod om vaksinering på sjukehuset.

Informasjon frå Surnadal kommune si heimeside.