ANNONSE:

4 menn smiler til kameraet
(frå v.) Erling Mylius, Tore Johansen, Brage Einum og Ivar Gafseth.

It’s hard to be a nissemann

Og Brage Einum er av dei nissemennene som slit mest på arbeid før jul. Fredag er han tilbake i Surnadal kulturhus, denne gongen saman med TRAVELLIN’ STRAWBERRIES.

Han har akkurat gjort unna julekonsertane til SKUV – med to fulle salar. Og det ser ut til å bli bra besøkt på fredag også. Så langt har godt over 200 sikra seg eit musikalsk møte med Ivar Gafseth, Tore Johansen, Erling Mylius – og Brage Einum.

Brage har vore fast medspelar for suksesstrioen frå THE JULEKALENDER sia 2019. og i år er det booka inn åtte konsertar no i julestria.

Trioen Gafseth, Johansen og Mylius har ei lengre historie saman før innspelinga av julekalenderen tilbake i 1994. Alle var med i den trøndske supergruppa Difference, starta i 1966 og med sin første suksess med «Tree of Love» året etter. Og Tore Johansens stemmeprakt er også dokumentert før i kulturhuset, m.a. med glansnummeret «O helga natt».

Kanskje blir den også å høre fredag, i tillegg til Beatles-låtar og musikk frå «The Julekalender».

Powered by Labrador CMS