Pianist Hedda Hansen Berg, bass Erik Rosenius og mezzosopran Rebecca Fällsby.

Stor formidlings­kunst og dramatikk i Todalen

Stangvikfestivalens andre konsert, operapuben i Todalen ungdomshus, ga publikum ei oppleving av dei sjeldne. Med dramatikk, kjærleik og sjalusi var det tidvis ein kunne tru at taket kunne lette.

Publisert Sist oppdatert

Det var stor kunst publikum fekk servert under torsdagens operapub i Todalen ungdomshus. Med eit repertoar med store komponistar som Mozart, Guiseppe Verdi, Puccini George Bizet, George Gershwin, Jerome Kern og Oscar Hammerstein var bordet dekka for eit fullstappa ungdomshus.

Det er litt av eit lag av internasjonale operasongarar Stangvikfestivalen har henta, sopran Anne Maleza-Kutny, mezzosopran Rebecca Fjällsby, tenor Linard Vrielink, baryton Jaka Mihelac, baryton Adam Kutny, Erik Rosenius og ikkje minst festivalens eige Sigrid Vetleseter Bøe. Saman med pianist Hedda Hansen Berg skapte dei ei harmonisk og intim atmosfære for dei frammøtte.

Pianist Hedda Hansen Berg, sopran Anna Maleza-Kutny og mezzosopran Rebecca Fjällsby under «prendero quel brunettino» frå operaen «Cosí fan tutte» av Wolfgang Amadeus Mozart.

Gjennom tre sett fekk vi ta del i nokon av dei største numra i operahistoria. Allereie etter eit fantastisk fyrste sett, satt publikum spent og venta på kva som venta dei vidare. Det var nesten som om den fyrste pausen kom litt for tidleg, eller at den varte litt for lenge. Stemninga utover andre og tredje sett steig i takt med vokalprestasjonane.

Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius i godt samspel.

Som eit av mange høgdepunkt må arien «Quando m`en vo» frå «La boheme» av Puccini trekkast fram, frå andre sett i konserten. Publikum vart sett rett i ei scene frå operaen og tok del i dramaet som utspann seg i lokalet. Med Vetleseter Bøe i hovudrolla og dei andre songarane godt plassert rundt i lokalet, fekk publikum vellyd frå alle kantar.

Eit anna av mange høgdepunkt kom på siste sett. Erik Rosenius versjon av «Ol` man river» frå musikalen «Show Boat», med musikalitet og formidlingsevne ein sjeldan får oppleve. Godt hjelpt av eit fenomenalt pianospel frå Hedda Hansen Berg.

Det er mykje spennande i vente dei neste dagane under Stangvikfestivalen, torsdagens konsert var eit solid bevis på kva for kvalitet det er på årets festival.

– Taket letta og tårane rann. Guro Redalen, Sigrid Talgø, Jean Kvendset, Synnøve Talgø og Åse V. Redalen syntest konserten var fantastisk.
Frå høgre Wigdis Sæther, Inger Elise Polden, Jan Olav Polden, Ola Stuggu og Arne Tveit syntest konserten var mektig med stor kvalitet. Saman med høg musikalsk kvalitet og bruk av lokalet skape dei ei intim og god stemning, rett og slett unikt seier dei.
Sissel Hallset Storslett og Anne Stokke syntest konserten var heilt fenomenal.
Bak fra venstre Bjørn Redalen, Elisabeth Røe, Kathrine Redal Britt Mossing Ida B. Ranes, og var imponert over konserten. Det er stas å oppleve slik i Todalen seier dei, med lydar frå alle kantar skapte dei ei magisk og intim ramme.
Dei frivillige frå Todalen idrettslag: peanøttsjefen Jens S. Ansnes (12), Bjørn G. Ansnes og Jenny Stensby.
Ei fornøgd Hedda Hansen Berg losa songarane trygt gjennom kveldens repertoar med eit pianospel på skyhøgt nivå.

Fleire bilete frå konserten:

---

Powered by Labrador CMS