Surnadal og Rindal Kulturskole

jente spiller piano og jente spiller fløyte på scene
Søsknene Ida og Elke Zwick spelte "Elk River Morning" saman på piano og fløyte.

Kulturskuleelevar imponerte med variert musikk

Onsdag kveld var det tid for årets sommarkonsert i Storstuå. Talentfull ungdom frå kulturskolen kastet glans over bygda!

Publisert Sist oppdatert

Elevane ved Surnadal og Rindal Kulturskole hadde satt saman eit flott program for den årlige sommerkonserten i kulturhuset. Onsdag kveld var det klart for å vise fram det dei hadde øvd på for familie og venner. Denne gongen var det musikerne som skulle på scena. Dei framførte både solo, duo og i band, og det var stor variasjon på musikken som blei framført.

Vi fekk høyre alt frå Nordmørs-slåtter til Chopin-vals, nydeleg pianospel og rock-låter med ordentlig trøkk. Fleire kjende klassikarar var å høyre, og nokre av elevane framførte òg sjølvproduserte låter.
Her fekk dei unge talenta verkeleg skinne - nok ein gong! 

Sjå bilete og video frå sommarkonserten her:

mann snakker i mikrofon på scene
Torbjørn Larsen ønskte velkommen til sommarkonsert med musikerne frå kulturskulen.
jente spiller piano på scene
Maja Løvik framførte songen "Listen" som ho har skrive sjølv.
dame spiller piano og jente spiller althorn på scene
Hedda Hansen Berg på Piano og Ida Zwick på althorn. Dei framførte "Higgyjig".
gutt spiller piano på scene
Kristian Lu spelte ein vals i A-moll av Chopin.
band spiller og synger på scene
Bandet High Note består av Simone Akrim på gitar, Nina Røen på piano, Frank Botten på bass, Henrik Bergheim på trommer og Sunniva Fiske på vokal. Dei spelte "Come together" av The Beatles. Sunniva sa at det var den vanskelegaste songen ho hadde lært seg, men dei imponerte stort som første band på scena.
jente spiller piano og jente synger på scene
Hedda Moen Gjerstad og Solvår Rosvoll Bøe spelte og song "Let it go" av James Bay på nydeleg vis.
jente spiller piano på scene
Tone Sæther spelte ein slått som heiter "Gravemsreinlender".
jente spiller piano på scene
Ida Zwick framførte "Svanen" av Camille Saint-Saëns.
jente og dame på piano på scene
Julia Sollid spelte "Helle-Pe reinlender" saman med kulturskulelærar Linda Torvik.
ungdomssband spiller og synger på scene
Bandet Brigth Fire består av Jonas Bruvold Fiske på piano, Martin Langli på trommer, Nina Røen på bass, Rune Dalager på gitar, Ildri Fugelsøy som vokalist. Dei spelte "Vårsøg" med masse trøkk.
dame snakker i mikrofon på scene
Kulturskulelærar Linda Torvik presenterte stolt dei unge talenta.
jente spiller piano på scene
Magni Schei Hyldbakk framførte "Solas".
band spiller og synger på scene
I bandet Silent finn vi Fredrik Garte på gitar, Eiri Lysø på piano, Per Emil Røen på trommer, Jon Stinus Bæverfjord på gitar, Nina Røen på bass, Hedda Moen Gjerstad som vokalist. Denne kvelden spelte dei "Sail away" av David Gray.
band spiller og synger på scene
Echo spelte "Crumbling" av Brooke Taylor, Bandet har medlemmene Thor Alfred Lediard på gitar, Johanne Holten på keyboard, Sigve Holten på slagverk, Rune Dalager på Bass, Elisa Brunke på kassegitar, Ida Mo på vokal.
jente spiller piano på scene
Eiri Lysø spelte Vals i As-dur av Chopin.
gutt spiller piano på scene
"Clair de lune" av Claude Debussy blei framført av Håkon Svanem.
band spiller og synger på piano
Maja Løvik har skrive songen "Just another for you", og bandet Expression har arrangert den saman på øvingane. Det var svært imponerande skrive og framført. Bandet består av Daniel Løset, Johanne Holten, Ingebrigt Bergli, Rune Dalager, Sigve Holten, og Maja Løvik.
ungdomsband spiller og synger på scene
Bøggez avslutta konserten med to låtar, "Ice Cream Man" og "Mr. Crowley". På scena var Ida Mo, Sigve Holten, Ingebrigt Bergli, Adrian Runarsson, Thor Alfred Lediard og Rune Dalager.
gutt med rød gitar på scene
Adrian Runarsson med ein rå gitarsolo på "Mr. Crowley".
mange barn og ungdom på rekke på scene
Musikkelevane tek i mot ein velfortent applaus!
mange barn og ungdom på rekke på scene
mange barn og ungdom på rekke på scene

Film: Sunniva Halvorsen

Powered by Labrador CMS