ANNONSE:

Orda eg fekk og songane som kom

Søndag 23. april ønskes det velkommen til konserten «Orda eg fekk og songane som kom» med songar Lone Eines saman med pianist Igor Melanyuk.

Lone vil synge eigne songar med eigne tekstar samt tekstar av onkelen Johannes Eines som har gjeve ut fleire diktsamlingar.

Foto av kvinne og mann
Songar Lone Eines saman med pianist Igor Melanyuk.

Dette seier Lone sjølv om konserten:

«Songen har vore med meg heile livet, som lita jenta og oppveksten, gjennom musikkutdanninga mi, gjennom livet eg har levd med store opplevingar, glede, sorg og tap. Eg har og opplevd at i djup sorg vart songstemma mi lik gråten, då blei det vanskeleg å syngje- fint i alle fall. Likevel var songen alltid der for meg.

Då eg fekk diktsamlinga til onkelen min i posten for nær 8 år sidan, vart eg inspirert til å lage melodiar til fleire av dikta. Orda og forteljingane var kjende for meg og eg tenkte eg ville mala følelsane dei gav meg, med stemma. Slik byrja eg å skrive songar til mi eiga stemme. Etterkvart har eg og skreve fleire av tekstane sjølv.

Konserten og songane er som ei reise gjennom livet; kjærleiken -sorga- nytt liv og ny vår - og underfundige betrakningar. Musikken er variert og det er vanskeleg for meg å plassere den i ein sjanger, men eg er farga av dei sjangrane eg jobbar mest med som klassisk, vise, jazz og moderne musikk.

Eg har jobba tett saman med Igor med musikken min og han har skreve nydelege pianorarrangement til songane mine.»

Ranes og Øye sokneråd ynskjer alle velkomne til Øye kyrkje søndag 23. april kl 18.00.

plakat til konsert, dame i vann
Powered by Labrador CMS