Kleivakvelden

mann med saksofon midt i publikum ute, flagg og hus i bakgrunnen
John Pål Indergård spelte midt i folkemengda på Kleiva.

– Må ikkje øv fær mykkju, da bli det ikkje spennandes

Kleivakvelden blei gjennomført med velkjend program - akkurat slik vi vil ha det. Bortsett frå ein ørliten dusj, var det varmt og deilig sommarvêr på Kleiva denne laurdagskvelden i mai.

Publisert Sist oppdatert

Tilbake til Kleiva

Det var fantastisk stemning laurdagskvelden da folk kom opp til vakre Kleiva. Det var flott sommarvêr og ein slåande varme. Ekstra godt var det å kome opp til Kleiva med tanke på at det i fjor regna så mykje at Kleivakvelden vart flytta til Kulturhuset.

Programmet var som før, med kjende fjes, diktlesing, prisutdeling og mykje god musikk. Akkurat slik det skal vere. Hornmusikken starta kvelden på storslått vis, og satte stemninga for det som skulle bli ein fantastisk kveld.

 Sjå video frå Kleivakvelden nedst i artikkelen.

folk går opp en bakke i skogen
Turen opp til Kleiva blei idyllisk i det fine vêret.
korps på scenen og publikum foran. utescene
Hornmusikken starta kvelden og satte den gode stemninga.
korps på utescene
Musikk frå Surnadal Hornmusikk var ein fortreffelig måte å starte Kleivakvelden på, nok ein gong.
to menn på scene, den ene peker.
Anders Larsen og Ole Magne Ansnes med velkomst og litt praktisk informasjon før kvelden blei blåst i gang for fullt.
mange folk sitter som publikum i bakke blant trær.
Sola e komma.

Nye Vårsøg-dikt

Henning Sommerro og John Pål Indergård er faste postar på programmet, og dei briljerte som alltid med både humor og genial musikk. Dei åpna med "Sola e Komma", før dei etter kvart ga ordet til Svein Sæter. Han bidrog som vanleg med eit av høgdepunkta på Kleivakvelden. Vi er heldige som har ein som brenn for diktskriving og litteratur, og det er tydeleg at han har lyktes med å smitte sitt engasjement over på den yngre garde.

I år er det rekord på antall dikt som er sendt inn, og Svein sa han var svært imponert over dikta. I år fekk vi høyre dikt om blant anna vedklyving, taco, vennskap, vår, skulesekk og fotballspelaren Bert Trautmann. Det var òg første gongen i Kleiva-historia at det blei gjennomført ei "parallell-lesing". Veninnene Live og Alva las diktet sitt om å vere bestevener i lag.

Sæter kunne òg fortelje at det kjem ny diktbok med Vårsøg-dikt til våren.

mange folk på og foran scene
Svein Sæter introduerte nye Vårsøg-diktarar. Det blei lest opp nye dikt om blant anna vår, vedklyving og taco.
svein sæther holder mikrofonen for to jenter som les dikt
Verdenspremiere på Kleiva: Veninnene Live og Alva las opp diktet sitt saman.
mann spiller saksofon på utescene
John Pål Indergård er fast inventar på Kleivakvelden. Det var eit gledeleg og gøttj gjensyn.
henning sommerro på piano på kleivascenen.
Henning Sommerro åpna Kleivakvelden på magisk vis med "Sola e Komma".

Unge talent

Sommerro presenterte Ida Mo og Johanne Holten som sang ein fin "Surnadals-versjon" av "Eg Gløymer Deg Aldri" av Hellbillies. 

Henning tok ein tur bak på scena for å ta ein prat med Hans Hyldbakk.

– Ja, Hans, ka du tykkje? spurte Sommerro. 

Han kommenterte at Hans alltid står så langt bak og bortgjømt på scena, år etter år Han presenterte neste song som var "Polla-karrain", den skulle òg bli framført av Ida Mo.

– I lag med to sånn halv-døktige karra, spøkte Mo.

dame på piano og dame som synger på utescene
Johanne Holten og Ida Mo spelte ein Surnadal-versjon av "Eg Gløymer deg Aldri" av Hellbillies.
tre mennesker på utescene
Ida Mo song "Polla-karrain" saman med Henning Sommerro og John Pål Indergård.
sommerro snakker til hyldbakk-statue.
Sommerro tykkjer det er litt merkelig at Hans kvart år står så bortgjemt, langt bak på scena.

John Pål sine dikt

I år kunne John Pål fortelje at han hadde fått litt hjelp til å skrive dikt, blant anna av Lars Løseth og Ingvild Kårvatn. Ikkje alt var bra nok til at det kunne bli lese opp, men vi fekk høyre nokre svært raske dikt som blant anna handla om legning, helseplattformen og mangel på prest i bygda.

Det blei som vanleg stor latter frå publikum, og eit gledeleg gjensyn med både han og diktet.

to menn på scene
John Pål med dikt skrive på serviettar. Det blei mykje latter frå publikum, da han las opp dikta som han hadde fått hjelp av blant anna Lars Løseth og Ingvild Kårvatn til å skrive.

Ein ære å få kome på Kleiva

Nokre få minutter etter Bjarne Brøndbo kom på scena kom det ei stor regnskur. Det blei da ein liten pause, der folk fikk ta på seg litt regnklede og slå opp paraplyane. Bjarne trakk seg litt lenger bak på scena for å berge pianoet. Heldigvis varte det ikkje lenge, og etter bare nokre minutter kom sola tilbake, og publikum fekk tørke igjen.

Bjarne Brøndbo hadde mange morosame historier og mykje god musikk å by på. Vi fekk òg høyre enda fleire skuleelev-dikt lest opp av Brøndbo.

Publikum fekk ønske seg låter, og da blei E6, Rumpa Mi og Nykoka Kaffe nevnt. Alle dei tre fekk publikum høyre.

Bjarne Brøndbo med mikrofon på scene.
Bjarne Brøndbo hadde mange vittige historier som han delte med publikum.
bjarne brøndbo på piano på scene
Bjarne Brøndbo fekk fram både allsong og latter hjå publikum.
folk med paraply foran Kleivascenen
Plutseleg kom regnet. Heldigvis gjekk det fort over, og publikum kunne igjen tørke seg i sola siste del av Kleivakvelden.
mann på scene.
Bjarne Brøndbo las opp dikt frå skuleelevar i Surnadal.

Henning Sommerro kom òg til scena saman med Brøndbo. Brøndbo fortalte at dei hadde spelt saman før, og at det før ein konsert i Ila kyrkje, skulle øve.

– Trudde eg, sa Brøndbo.

Sommerro hadde ikkje det same behovet som han for å øve, sa Brøndbo, og huska at han hadde sagt "Må ikkje øv fær mykkju, da bli det ikkje spennandes".

– Og dæven det vart spennandes, fortsatte Brøndbo.

Anders Larsen og John Pål Indergård kom òg tilbake til scena saman med Brøndbo og Sommerro og ga publikum ein legendarisk versjon av "Vinsjan på Kaia".

Brøndbo avslutta med å takke arrangørane og sa at det var ein ære å bli invitert til Kleivakvelden.

– Beklager regnsølet, spøkte Brøndbo.

sommerro og brøndbo håndhelsar på scene
Henning Sommerro og Bjarne Brøndbo har spelt saman tidlegare i Stangvik kyrkje og Ila Kyrkje.
kleivascenen i sol
Idyll og vårsøg på Kleiva.
mann på piano og mann på fele foran publikum
Bjarne Brøndbo og Anders Larsen har spelt saman fleire gonger før, blant anna på D.D.E. sine julekonsertar i Olavshallen.
fire menn med instrumenter på utendørs scene
Publikum fekk ein legendarisk versjon av "Vinsjan på Kaia" framført av Brøndbo, Sommerro, Larsen og Indergård.

Vårsøg

Som alltid blei Kleivakvelden avslutta med Vårsøg der publikum song med. Det blei ei magisk stemning på Kleiva, og vi ser allereie fram til neste år.

– Tusen takk, og vel hæm, avslutta Sommerro.

folk går ned en skogsveg
– Tusen takk, og vel hæm, var kveldens siste ord frå Henning.

Les om utdelinga av Kleivafondet og Kleivaprisen her.

Powered by Labrador CMS