Vårsøghelga - Kleivakvelden

Øystein Hjelle Bondhus tar imot en påskjønnelse fra Kleivafondet på vegne av SKUV. Her sammen med Jens Einar Indergård og Øyunn Fugelsøy Aune.

SKUV fikk 50 000 fra Kleivafondet

Kulturleiar i Surnadal Kommune, Lilli Husby, delte ut 50 000 til SKUV under årets Kleivakveld.

Publisert Sist oppdatert

Bidraget fra Kleivafondet gikk i år til Surnadal Konseptutvikling - SKUV,  for sitt store engasjement og arbeid for det frivillige og lokale kulturfeltet,  spesielt retta mot barn og unge.

Her er juryens fullstendige begrunnelse:

Kleivafondet

Kleivafondet er midlar som Kleivastyret, medlemmane i formannskapet, kan dele ut kvart år.

Formålet med fondet, har de høyrt før:

«… å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett».

Men det som ikkje er like godt belyst er fortsettinga: 

«Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskildpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis».

Vidare står det i vedtektene at midlane som skal delast ut til formålet er 9/10 deler av renteinntektene. I mange år har renta vore så låg at ein av og til ikkje har lyst ut midlane, eller Kleivastyret har delt ut ein liten slant og trøysta seg med at «ja, ja det er eit klapp på skuldra å få midlar frå Kleivafondet».

No har renta vore høgare og pengane har stått og godgjort seg, dermed var det meir frie midlar på kontoen enn på lenge, så når det ikkje var nokon respons på utlysinga i media vedtok Kleivastyret at dei «På eige initiativ» kunne gje ein stønad eller påskjønning, som det heiter i vedtektene.

Difor blir det delt ut 50 000 kr frå Kleivafondet i år.

Dette blir delt ut til ein organisasjon som arbeider for å legge til rette for variert kulturutøving og kulturformidling lokalt her i Surnadal.

Det går til ein gjeng med stor «ståpåvilje», som ikkje gir seg før det blir! Dei har jammen meg òg har skaffa seg ein eigen kulturarena. Men til tross for det dreg dei i gang konsertar og «gaukveldar» både i og utanfor kulturhuset.

Sjølvsagt er det SKUV som får påskjønning frå Kleivafondet i år, for sitt store engasjement og arbeid for det frivillige og lokale kulturfeltet, spesielt retta mot barn og unge, med tanke på den tilrettelegging dei gjer for ung og variert kulturutøving.

Eg ber om at leiaren i SKUV, Øystein Bondhus kjem og tek imot diplomet.

Powered by Labrador CMS