LESERINNLEGG:

Norskopplæring og sidemål i valkampen

Skal det vere bokmål eller nynorsk? Er ikkje hovudmålet viktigast? Er sidemålet nyttig og viktig? Frå Fræna vidaregåande skole hugsar eg me diskuterte. «Me norsklærarar driv norskopplæring, dvs. opplæring i nynorsk og bokmål», var det ein lærar som sa. Det signaliserte ei – etter mi meining – klok holdning, som eg trur mange av oss lærarar freista å etterleve. Norsk skriftspråk er nettopp nynorsk og bokmål og skal lærast på lik linje enten me er i Molde, Kristiansund, Elnesvågen, Bergen eller Oslo.

I denne samanhengen er det interessant å lese kva den unge vikarredaktøren i Norsk Tidend, sjølv frå Grünerløkka skriv: «Det var Maria, Per, Elin og Ellen, norsklærarane mine på ungdomsskulen og vidaregåande, som gav det avgjerande bidraget. Det var dei som sette meg i gang, og som sikra at eg vart god nok til å nytte det det nynorske språket autonomt og sjølvsikkert. For meg som for dei fleste nordmenn, var det sidemålsordninga som gav det fyrste skikkelege møtet med nynorsken og med dei historiske, politiske og emosjonelle grunnane til at spørsmålet om kva språk me skal velje, […] Om ikkje lærarane mine tok den oppgåva på like stort alvor i sidemål som i hovudmålsundervisninga, ville eg truleg ikkje blitt interessert nok, og i alle fall aldri god nok til å nytte nynorsken like sjølvsagt som bokmålet.» (NT, nr 2, 2025)

Dette er ei tilnærming til sidemålssaka me må ha med oss og ikkje gløyme – sjølv om dei individuelle erfaringane kan vere ulike. Den nye opplæringslova legg opp til tidlegare start med sidemål – det er bra. Og meir nynorsk i alle fag, tryggare lærarar som kan drive systematisk, god og engasjerande opplæring i og på nynorsk – er påkrevd.

Me har to norske skriftspråk. «Ei kjerneoppgåve i skulen er å gje alle elevar tilgang til heile det norske språket. […] Dette gjev oss eit felles skriftleg utgangspunkt», skriv leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. (Norsk Tidend, nr 2, -25) – Eg trur me må løfte blikket litt og sjå kva sidemålsordninga sikrar, slik Hauge gjer i denne teksten. «Sidemål i skulen byggjer respekt og forståing og likestilling mellom nynorsk og bokmål. Eit tospråkleg Noreg treng tospråkleg opplæring.» Han argumenterer for og forklarer kva sidemål tener til under desse sju deloverskriftene:

1. Sidemål = fridom til å velje. Dvs. til å velje bokmål eller nynorsk eller begge delar og ev. veksle mellom dei.

2. Sidemål = inkludering. Å skrote sidemålsordninga vil gjere samfunnet vårt mindre inkluderande.

3. Sidemål = rettferd. Som eit mindre brukt språk treng nynorsk ei eiga styrking som bokmål ikkje treng. Språklova gjev staten dette ansvaret.

4. Sidemål = kunnskap for framtida. Å lære to språk er ikkje sløsing med tid, det er investering i språkforståing.

5. Sidemål er prioritering. Sidemål må ha eigen karakter og eigen eksamen både i ungdomsskulen og vidaregåande.

6. Sidemål = god opplæring. (Dette har eg alt skrive om.)

7. Sidemål = nynorsk og bokmål, men sidemålsordninga er viktigast for nynorsken.

Mange fleire elevar har hatt nynorskundervisning dei siste tiåra gjennom påbyggingsåret med allmennfag. Det dreier seg om meir enn 250 000 elevar som har hatt nynorskundervisning og fått eigen standpunktkarakter og ein del av dei har hatt skriftleg trekkeksamen.

Høgre går til val på å fjerne karakter og eksamen i sidemål. Frp vil skrote sidemålsordninga. («Frp vil sikre valgfri opplæring i sidemål og andre fremmedspråk enn engelsk.») og Frp skil seg ut. «Frp vil fjerne krav om sidemål i det offentlige» -kva som no måtte liggje i det. Venteleg mindre nynorsk i det offentlege og dermed på kant med språklova. Dei andre partia har eit anna og meir positivt syn på nynorsk, med sidemål, karakterar og språkmangfald – med litt varierande presisjonsnivå.

Sylvi Listhaug har presentert synet sitt i Romsdals Budstikke – heilt i pakt med partiprogrammet. Ikkje uventa. I Møre og Romsdal finn me nok både dei som er einige og mange som er ueinige - utan at eg skal gå nærare inn på det. Noko av det som bind fylket vårt saman, er nynorsken. Mange har likevel hatt nynorsk som sidemål, men erfart at dei i jobbsituasjon må meistre nynorsk, både i bedrifter, kommunar, fylkeskommunen eller hos statsforvaltaren. Språklova seier elles at det offentlege «har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka skriftspråket.»

Over ein halv million har nynorsk som sidemål medan noko i overkant av 71 000 har bokmål som sidemål. At ei svekking av sidemålsordninga rammar nynorsken og nynorskbrukarane sterkast, verkar kanskje rart for somme. Men det er ugjendriveleg slik at dess færre som lærer og kan nynorsk, jo verre blir det å vere nynorskbrukar. Slik sett er sidemålsordninga eit avgjerande vilkår for at nynorskbrukarane ikkje skal kjenne seg underlegne, men oppleve reell språkleg fridom. Ja, det er eit vilkår for fridom sosialt og kulturelt, ikkje berre språkleg.

Elles uttalar professor Øystein A. Vangsnes at sidemålsordninga styrkjer den generelle språkkompetansen og dermed også hovudmålet. Det er ei språkleg grunntrening og kan samanliknast med idrett, hevdar Vangsnes. «Alle idrettsutøvarar driv med variert grunntrening […]»

Etter den nye opplæringslova (2023) skal alle elevar bli eksponerte for sidemålet sitt allereie frå dei første åra på barneskulen. Det er langt betre enn at sidemålsundervisninga startar frå 9.klasse, at nettopp dette er den sjølvsagde norskopplæringa og ikkje noko som kjem inn som eit brysamt tillegg i ungdomsskulen.

I Arendalsuka var det nyss stor sidemålsdebatt, «Det store sidemålsslaget». Partia stadfesta sine synspunkt utan at det kom fram noko vesentleg nytt. Alle på raud-grøn side forsvarar sidemålsordninga medan dei på borgarleg side er splitta. Krf og Venstre tek parti for sidemålet og nynorsken medan Høgre og Framstegspartiet vil skrote sidemålsordninga. Noregs Mållag køyrer ein kampanje «NYNORSK I SKULEN for alle» og på nett kan me no sjå partileiarar/framståande partirepresentantar som frontar denne logoen.

Øyvind Fenne, leiar i Romsdal Mållag

Powered by Labrador CMS