Pensjonistforbundet Surnadal
Fjellgruppetur til Flessasetra
Svein Aarnes orienterte om gardande Båtvika, Trodalen, Haugen, Surndalsnes, og om folket og akviteten som var i området når det var fast bosetting. Surndalsnesset er kanskje i dag kjent for dei som ferdast sjøvegen som overgangen frå Breifjorden til Trongfjorden som kan være utfordrande når vind og vær er på det lunefulle laget.
Så bar det etter traktorvegen opp til gardane Surndalsnes og Haugen. Der står fortsatt huset dei budde i. Kanskje det eldste huset i området som har blitt teke vare på. Gardane låg i ein lun plass med godt jordsmonn som gjorde det mulig å dyrke korn. Dei mol kornet i eiga kvern. Under siste krig vart det og dyrka korn her. Etter ein pust i bakken bar det etter sti vidare opp til Flessasetra.
Der tok dei 40 deltakarane ein velfortjent pause for å nyte niste, utsikt og sol i den til nå finaste vårdagen.