Møre og Romsdal Senterparti
Møre og Romsdal Senterparti si listestilling er ferdig
Nominasjonsnemda i Møre og Romsdal Senterparti, leia av Jan Ove Tryggestad, er no ferdig med sitt arbeid med listestilling til fylkestingsvalet 2027.
Arbeidet starta tidlegare i vår med å samle inn forslag frå lokallaga, først i ei uprioritert rekkjefølgje som gav komiteen ein peikepinn på kva namn lokallaga drog fram som sine favorittar. I neste innspelsrunde måtte lokallaga leggje fram heilskaplege listeforslag i prioritert rekkjefølgje, og det er denne runden som har danna det viktigaste grunnlaget for det vidare arbeidet i nominasjonsnemnda. Utvalet av kandidatar skal i hovudsak vere basert på innkomne forslag frå lokallaga, men nemnda kan i tillegg lansere andre kandidatar, skriv Møre og Romsdal Senterparti i ei pressemelding fredag.
Lied ein klar favoritt!
Innspela frå lokallaga viste ein klar favoritt i Per Ivar Lied til å vere Møre og Romsdal Senterparti sin førstekandidat til fylkestingsvalet.
Per Ivar (56) sit på fylkestinget og er medlem i fylkesutvalet, har vore vararepresentant på Stortinget i 12 år og har sete i formannskapet og kommunestyret i Ørsta i 8 år. Han er opphavleg frå Liabygda i Stranda kommune, men har budd i Ørsta den seinare tida. Her bur han saman med kone og tre born. Han er nestleiar i Møre og Romsdal Senterparti og nestleiar i Ørsta Sp.
Nye krefter i toppen
Nemnda vil i særleg grad leggje vekt på å presentere ein heilt fersk andrekandidat!
Ane Ingvild er mjølke- og kjøtfeprodusent saman med ektemannen sin. Ho har tidlegare vore organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag. Ho er utdanna historikar og statsvitar og har tidlegare arbeidd med forsking, hatt oppdrag for Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet og har fleire års røynsle frå offentleg forvalting på regionalt nivå. Ho er ivrig jeger og fjellentusiast. Når ho ikkje er på jobb, er ho som oftast å finne utandørs.
– Eg kjenner det politiske systemet i Noreg og samspelet mellom politikk og forvalting godt. Det meiner eg er ein styrke, seier Mittet. Innanfor alle sektorar i samfunnet er det rom for effektivisering og forbetring. For å få til det må det rette strategiske planverket vere på plass, og ein må vere villig til å investere i utvikling, legg ho til.
Hjartesakene til Ane Ingvild er at vi skal ta heile fylket i bruk – at Møre og Romsdal og Noreg er meir enn berre byane – og å utvikle matfylket vårt med næringsliv og satsingar innan blå og grøn sektor. I tillegg brenn ho for kultur, idrett og friluftsliv.
– Lukkast vi med å skape gode arenaer for kultur, idrett og friluftsliv, blir dei sosiale og økonomiske ringverknadene av kvar investerte krone enorme, seier Mittet.
Eit godt utbygd tilbod treffer alle på tvers av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet, seksuell orientering og identitet. Det er inkludering i praksis og ei god investering for framtida, understrekar ho.
Nominasjonsnemnda meiner at Ane Ingvild er ein så god representant for Senterpartiet at ho blir prioritert høgt på lista.
– Vi må tore å sleppe nye folk til, og her meiner vi i nominasjonsnemnda at vi er svært heldige som har fått denne dyktige dama med på laget, seier leiar Jan Ove Tryggestad.
– Det er mange gode kandidatar i Møre og Romsdal Senterparti, så eg er veldig glad for tilliten nominasjonsnemnda viser ved å innstille meg som nummer to. Eg er klar for å bidra dersom nominasjonsmøtet er samd, avsluttar ho.
På tredjeplass finn vi Smøla-ordførar Svein Roksvåg (51), som òg har klatra seg heilt til topps som ein klar favoritt frå Nordmøre!
Han har alltid vore aktiv i lags- og organisasjonsarbeid, frå 4H til han blei politisk aktiv i 2015 og stilte som førstekandidat på lista til Smøla Senterparti. Han har vore ordførar sidan kommunevalet i 2019 og sit i dag òg i det nasjonale ordførarforumet for Møre og Romsdal.
Han har gått yrkesfag ved Smøla vidaregåande skole og skipsbyggjarlina ved Herøy vidaregåande skole. Etter militæret gjekk han sveiseteknisk fagskole før han tok eksamen som europeisk sveiseteknikar og internasjonal sveiseteknikar.
I arbeidslivet har han for det meste arbeidd med teknisk sal og opplæring for sveiseindustrien frå Sognefjorden til Nordland. I tillegg har han eit småbruk på Smøla der han driv med kjøtproduksjon.
Hjartesakene til Svein er distriktspolitikk, at det skal bu folk i heile Noreg, og gode samferdselsløysingar til lands og til havs.
Svein kjenner næringslivet, fiskeria, landbruket, den tyngre industrien og kraftproduksjonen godt.
På fjerdeplassen har nemnda innstilt Lisa Alvestad (40). Lisa sit i dag på fylkestinget, er medlem i samferdselsutvalet, er fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterparti og første vara til Stortinget.
Heime i Haram er ho kommunestyrerepresentant, gruppeleiar og no også ordførarkandidat til kommunevalet neste år! Til dagleg arbeider ho med bibliotekutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune, og har tidlegare arbeidd med lokalaviser i fleire år.
Hennar hjartesaker er gode samferdselsløysingar, levande lokalsamfunn og sterke tenester i heile fylket.
Lisa bur på heimgarden sin på Alvestad i Haram kommune. Ho har fem born og skal i haust overta gardsdrifta saman med mannen sin. Her satsar dei på vestlandsk fjordfe.
Ungdomskandidaten vår, Sevrin Dahle Sæterøy (22) frå Rauma, har trass i den unge alderen sin vist seg som ein svært habil politikar og ein driven ung kar med kunnskap om mykje.
Til dagleg går han andre året på bachelorstudiet i Shipping Management ved NTNU i Ålesund og arbeider som tilkallingsvikar på Sport Outlet Åndalsnes.
Han er kommunestyrerepresentant i Rauma, nestleiar i styret i Kraftfondet, fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterungdom og lokallagsleiar i Rauma Senterungdom.
Han har gjennomført førstegongsteneste i Forsvaret (2024) og har vore leiar i Rauma skyttarlag (2022–2023).
Hjartesakene til Sevrin:
· Gode vilkår for næringslivet. Bedriftene våre treng føreseielege rammer og tilgang på kompetanse. Vi må leggje til rette for lokale arbeidsplassar og for dei som vil satse og skape noko.
· Energiproduksjon. Tilgang på kraft er avgjerande for næringsutviklinga i fylket. Det er derfor viktig å arbeide for auka energiproduksjon, med omsyn til naturen og tydelege gevinstar for lokalsamfunna.
· Beredskap. Trygge lokalsamfunn krev at vi tek beredskap på alvor. God infrastruktur, lokal kunnskap og tenester nær folk gjer oss betre rusta når kriser rammar.
· Eit desentralisert tenestetilbod. Kvar du bur, skal ikkje avgjere kva moglegheiter du har. Vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtilbod må vere tilgjengelege i heile fylket.
Innstillinga frå 6. til 10.plass
6.plass Henrik Stensønes frå Kristiansund
7.plass Terese Sølvi Jemtegård Moen frå Fjord
8.plass Dordi Boksasp Lerum frå Tingvoll
9.plass Anne Kathrine Notøy frå Herøy
10.plass Ingrid Waagen frå Tingvoll
Resten av lista etter tiandeplassen blir offentleggjord på eit seinare tidspunkt.
No er resten opp til organisasjonen, som skal avgjere fylkestingsvallista på nominasjonsmøtet 14. november.
For ordens skuld vil nemnda opplyse om at Anne Kathrine Notøy, som var representant i nominasjonsnemnda, blei vurdert som inhabil i møtet 29. september då det blei fremja forslag om at ho skulle vere listekandidat. Notøy forlét møtet med ein gong og gjekk dermed òg ut av alt arbeid i nominasjonsnemnda.