Nye rygg- og setetrekk i kinosalen
Arbeidet med å skifte trekk på stolane i kinosalen på Surnadal kulturhus starta i september og skal vere ferdig midt i november.
Dei gamle stoltrekka er frå da kinosalen og Surnadal kulturhus opna dørene i 2002, og dei ber preg av å ha vore bruka mykje dei snart 25 åra sidan opninga.
Lokal bedrift utfører arbeidet
Det er Kvande & Nordvik Møbelfabrikk på Kvanne som har teke på seg arbeidet med å skifte trekka på stolane i kinosalen.
Dei demonterer ei og ei stolrekke og tek stolane med seg til møbelfabrikken på Kvanne der trekkinga blir utført.
– Vi var opptekne av å nytte lokalt næringsliv, og valte difor Kvande & Nordvik, seier Rune Dalager, som er prosjektleiar.
– Det at vi kunne halde kinoen open medan vi utførte arbeidet var også viktig for valet, legg han til.
Kinoen er open som vanleg
– Sidan vi tek ut ei og ei stolrekke kan vi køyre kino som normalt, rett nok med litt mindre kapasitet, fortel kulturhusmedarbeidar, Pål Nordmann.
– At vi slepp å stenge kinoen ein periode var viktig for oss, legg han til.
Får støtte frå SpareBank 1 SMN
Heile arbeidet med å skifte rygg- og setetrekka samt plasstrekket under stolane kostar totalt knappe 450.000 kroner. SpareBank 1 SMN har teke på seg å dekke halvparten av kostnadane, altså om lag 225.000 kroner.
– Sidan dette prosjektet inneber gjenbruk av stolane, berre med nye trekk, var det enkelt for oss å gå inn og støtte dette. Vi er opptekne av allmennyttige tiltak som i tillegg fokuserer på gjenbruk og berekraft, noko dette prosjektet er eit fint døme på, seier Berit Skralthaug frå SpareBank 1 SMN.
Stolane blir som nye
Skummet i stolane i kinosalen er av høg kvalitet, og er til tross for bortimot 25 års bruk omtrent som nytt.
– Sjølve stolane er bortimot uslitelege, seier Otto I. Kvande frå Kvande og Nordvik.
– Når vi no skiftar rygg- og setetrekk blir stolane som heilt nye igjen, legg han til.
Meir enn berre ein kinosal
Sjølv om kinosalen er spesialtilpassa til kinovisning, så blir den i dag mellom anna bruka konferansar, større møter og foredrag. Det er den siste tida også investert i ny projektor og nytt lydanlegg i kinoen.