Kari Evensen engasjerte med kvinnehelseforedrag
Todalen sanitetsforening inviterte torsdag kveld til kvinnehelseforedrag i Todalen sanitetshus med helsesjukepleiar i Surnadal kommune, Kari Evensen.
Frå vogge til grav
Hovudfokuset for foredraget var på eldre kvinner si fysiske og psykiske helse samt medisinering.
Evensen tok også opp mange andre relevante helsespørsmål som gjeld både for kvinner og menn uavhengig av alder.
Ho sa sjølv at foredraget handla om livet frå vogge til grav, mellom anne korleis ein meistrar opplevingar og at sorg på ein måte er prisen ein må betale for kjærleik.
Einsemd er mykje meir gjeldande hos unge enn eldre
Ho innleia foredraget sitt med å vise at det er dei unge vaksne som er mest einsame, medan dei over 67 er minst einsame, Einsemd er ei subjektiv oppleving, og ikkje det same som å vere åleine understreka ho.
Legemiddel er ikkje narkotika
Evensen hadde møtt mange som ikkje torde bruke til dømes sovemedisin, fordi dei var redd dei skulle bli rusavhengige. Ho understreka at det er stor forskjell på å vere fysisk avhengig av eit legemiddel kontra det å ha ei rusliding.
Ho understreka likevel at det er viktig å vurdere nytten av eit legemiddel opp mot risikoen for biverknader og fare for uhell som følge av å bruke det.
Legemiddelgjennomgang er viktig
Evensen kom i si avslutning inn på kor viktig det er gjere ein legemiddelgjennomgang med jamne mellomrom.
Under ein slik gjennomgang er det seks spørsmål det er spesielt viktig å stille:
Kvifor bruke medisinen?
Er dosen riktig?
Kan medisinen forklare somme symptom?
Korleis virkar medisinen saman med:
Alkohol?
Andre sjukdommar
Andre legemiddel
Høve til å stille spørsmål
Det var under heile foredraget til Evensen høve til å stille spørsmål eller å kome med innspel, noko mange nytte høvet til å gjere.
Pause med servering
I pausen i Evensen sitt foredrag, vart det sjølvsagt, som det alltid blir når Todalen sanitetsforening arrangerer noko, servert kaffe, kaker og frukt.