LESERINNLEGG:

I døra: Torbjørn Brøske står bokstaveleg i døra og avsluttar sitt vikariat i Todalen denne søndagen. Men kanskje held han døra på gløtt?
Torbjørn Brøske.

«Kimer, I klokker»

Publisert Sist oppdatert

«Alle landets kirkeklokker kimte for kong Harald», kunne vi lese for litt sidan i avisene. Nei, heldigvis kimte dei ikkje, dei klemta.  Kyrkjerådet seier i «Reglar for bruk av kyrkjeklokkene», (sist oppdatert 2015): « Kyrkjeklokkene er ein del av kyrkja sine instrument» og «ringinga er ei liturgisk teneste». Vidare seier Kyrkjerådet at det er 3 måtar å bruke kyrkjeklokkene på:

Definisjon:

Ringing: Sjølve klokka svingar på akselen sin. Dette er den mest vanlege bruken.

Kiming: ein slår i rask takt med kolven mot slag-ringen i klokka. Dette er for fest og høgtid

Klemting: ein slår i langsam takt med kolven mot slagringen i klokka.
Slik er bruken ved sorg o.l.                 

Ved gudstenester skal det vere 2 føreringingar («vanlegvis med den største klokka») og samanringing («med alle klokkene»). Føreringingane og samanringinga (når gudstenesta skal ta til) skal vare i ca 5 min, ifg.føreskrifta. På høgtidsdagane (juledag, påskedag og pinsedag) skal det kimast (alltid med den største klokka, dersom det er fleire) i 5 min x 2 ( 1. føreringing, oftas kl.10, eller 9 somme stader ), så 5 min x 4 (2. føreringing, 10.30 eller 10)  og så samanringing (som regel kl.11) med alle klokkene i ca 5 min.

Den siste tida har det vore fleire gudstenester og kyrkjelege handlingar overført i TV, særleg gravferder. Da skal det altså klemtast i 5 min før gravferda tek til:

Ved Gravferd:

Det skal klemtast med den største klokka i 5 minuttar før samanringinga.  Så er det samanringing  med same klokka, like før seremonien tek til.

Det kan klemtast medan følgjet går til grava, og medan kista blir senka. Det blir avslutta med tre gonger tre slag etter velsigninga. Det kan ringjast medan følgjet går frå grava.

Så langt eg har erfare, er det ingen av kyrkjene på Indre Nordmøre som følgjer reglane for bruk av kyrkjeklokkene ved gravferd. Her går dei rett på samanringing, men det vert oftast klemta medan gravfylgjet går til grava, og 3 x 3 slag etter velsigninga. I regelverket står det altså at det skal klemtast i 5 min før gravferda tek til og at det kan klemtast medan kista bilr fulgt til grava.

I Nidarosdomen vert reglane for bruk av klokkene fulgt opp ved alle gravferder. Og det vart gjort rett i Oslo domkyrkje ved kong Haralds gravferd. Men da prinsesse Astrid vart gravlagt frå Ris kyrje, vart det gjort feil: Innga klemting før samanringinga og samanringinga var alt for kort.

Eg er viss på at ved å bruke klokkene rett, ville folk få ei djupare oppleving av dagens særpreg. Det gjeld anten det er gudsteneste, gravferd eller høgtidsdag.

Eg vonar å høyre klokka klemte ved neste gravferd og kime juledag.

Torbjørn Brøske

Powered by Labrador CMS