LESERINNLEGG:

Stopp raseringa av sjukehusa!
"AP med SP og SV på slep her i fylket har tenkt å rasere sjukehusa ved å finansiere nytt sjukehus i Molde og rehabilitering av sjukehuset i Ålesund, ved å seie opp ca 500 legar, sjukepleiarar, og helsefagarbeidarar."
AP og Kjølmoen sin greinalause sjukehuspolitikk er ikkje berre greinalaus, men direkte farlig for sjukehustilbodet i heile fylket.
"Kven finn på å forsøke å finansiere bygging av ein ny veg, ved å kutte gravemaskina og lastebilen?"
Nei, sjølvsagt, ingen finn på noko så dumt, derimot Ap med SP og SV på slep har altså tenkt å finansiere sjukehusa ved å kutte dei tilsette på sjukehusa.
FrP meiner sjølvsagt at sjukehusbygging skal finansierast 100% over statsbudsjettet, ikkje gjennom drifta i sjukehusa våre.
- "Vi trenger kvar ein lege, kvar ein sjukepleiar og kvar ein helsefagarbeidar!"
Derfor må både helseforetaket, styret, samt Helseplattforma skrotast og leggast ned.
Når vi no ser resultatet av AP sin feilslåtte sjukehuspolitikk, må det faktisk vere "nokre voksne" i politikken som faktisk klarer å forstå konsekvensen av dette.
AP i praksis igjen, rett og slett ubegripeleg sjukehuspolitikk som rammar heile vår befolkning, køene aukar og dei tilsette må springe enda fortare eller mistar jobben.
FrP slår ring om dei sjukehustilsette, fagpersonellet på sjukehusa er heile grunnlaget for sjukehusdrifta, den skal styrkast, ikkje kuttast!
Støtt Sylvi, stem FrP!
Frank
Sve
1
nestleiar i transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant
for
FrP