ANNONSE:

Fjellklatrere i røde jakker går på en snødekt fjellrygg over skyene.

Høgt og lågt på Surnadal kino

Det er lang avstand mellom den sjølvdestruktive drosjesjåføren på gateplan i New York til den norske fjellklatraren på toppen av Mount Everest. Nådelaust er det uansett, men på kvar sin måte.

Filmklubben startar opp igjen med film på onsdagane, og først ut er klassikaren TAXI DRIVER (1976) som blir vist 7. oktober kl. 12. Det er nok den mørkaste av filmane som filmklubben vil vise i haust, men kanskje er det på tide med eit gjensyn med Robert De Niros klassiske rolle som Travis Bickle?

Martin Scorseses TAXI DRIVER skildring av ein drosjesjåfør som balanserer på ei svært så ustabil mental line, i ein by med dei same balanseproblema, blir rekna som ein klassikar, mykje takka vera dei to nemnte, samt Jodie Foster og Bernard Hermanns filmmusikk. Det vil bli ein presentasjon av filmen i forkant.

Klatrere i rødt på en snødekt fjellrygg med høye fjell i bakgrunnen.

Kristin Harila sin klatrebragd frå 2023 har vorte dokumentarfilm – og ein får nærast utvikla høgdeskrekk berre ved å sjå på nokre av bileta frå filmen. HARILA – NÅDELØSE FJELL (aldersgrense 9 år) skildrar ikkje berre korleis ho og Tenjen «Lama» Sherpa klatrar opp dei 14 høgaste toppane i verda, men også om vennskap, slitet – og dei fatale ulukkene klatringa kan ende med. Dei fleste kritikarane ser ut til å meine at filmen fortener fem på terningen – og at dette er den type film du berre må sjå på det store lerretet, altså på kino.

Lodden figur med store øyne kikker over en mørk flettet kurv.

SPIRALIS (6 år) har også gått til det store lerretet etter å ha vore kjent som teikneseriefigur fram til no. Han er skapt av André Franquin, altså den same som sette til liv figurar som Viggo og Sprint. Filmatiseringa av desse to vart ikkje det heilt store, men kritikarane har meir sansen for søte, komiske og spinnville SPIRALIS. Filmklikk.no meiner sjarmerande SPIRALIS har morosame forviklingar som står i kø, og likar også referansane til «ET» og andre filmar. For orden skuld: SPIRALIS er ein «vanleg» film, ikkje noko teiknefilm, med norsk tale. Kritikarane landa, i snitt, på ein fire på terningen.

Person går i en snødekt bygata mellom parkerte biler og gamle bygninger.

RESIDENT EVIL (15 år) kom enno betre ut mellom kritikarane (snitt: 4,8/6), sjølv om den nok ikkje er laga til heilt den same målgruppa som sjarmøren nemnt ovafor. Vi følger Bryan som skal levere ei pakke til eit sykehus. Det er langt dit på mørke vinteren, men han kjem ut for langt verre ting enn glatt føre og dårleg vêr. For å halde oss til filmklikk.no, så er dette ein skrekkfilm som sitt som den skal, med all slags slimete tilbehør. Filmklikk.no meiner dette er den beste i serien av RESIDENT EVIL-filmar, og det med klar margin. For tider og meir om filmane, gå inn på https://surnadal-kulturhus.no

Powered by Labrador CMS