LESERINNLEGG:

Kva står på spel ved haustens val?
Når vi går til valurnene i haust, handlar det ikkje berre om kven som skal styre landet dei neste fire åra. Det handlar om kvardagen til folk i heile Noreg, om vi skal byggje vidare på dei historisk kraftfulle distriktstiltaka Senterpartiet har fått gjennomslag for, eller om vi skal sjå dei bli reverserte.
For fyrste gong på mange tiår har vi fått ein politikk som verkeleg reduserer avstandsulempene. Ferjene er blitt gratis på dei minste sambanda og halverte i pris på resten. Flybillettane på kortbanenettet, som til dømes på Ørsta/Volda lufthamn, er halverte. Studielån blir skrive ned med 25 000 kroner i året for dei som buset seg i distriktskommunar. Barnehageprisen er redusert frå 3000 kroner til 700 kroner i månaden, ei lette på nesten 28 000 kroner i året for barnefamiliar, per barn. Senterpartiet har òg prioritert ei styrking av den kommunale og fylkeskommunale økonomien, slik at dei kan oppretthalde skular, barnehagar og eldreomsorg nært folk.
Dette er ikkje småpengar eller symbolske tiltak. Det er politikk som gjer det mogleg å bu, arbeide og skape liv i heile Noreg. Det er politikk som gjev familiar tryggleik, unge framtidshåp og næringslivet betre rammer.
Likevel er det nettopp desse ordningane dei borgarlege partia vil fjerne. Høgre har alt varsla at gratis ferje skal vekk, Saman vil Høgre og Frp fjerne nedskriving av studielån og billegare barnehagar i distrikta dersom dei får makt. Dei kallar Senterpartiet eit «reverseringsparti», men sanninga er at det er dei som vil reversere dei største distriktslyfta i nyare tid.
Valet i haust er difor eit vegval: Skal vi halde fram med å byggje heile Noreg, eller skal vi tilbake til ein politikk der distrikta taper og sentraliseringa skyt fart?
Senterpartiet er garantisten for at ordningane består. Vi har vist at vi kan levere, og vi vil halde fram med å kjempe for at folk i heile landet skal ha like moglegheiter – uansett postnummer.
Mvh
Geir Inge Lien
Senterpartiet