
Fjellgruppa til Klokkarhaugen
Værvarsla var ikkje dei beste for dagen når vi forlet bilane etter å ha køyrt Stangviklivegen opp til der stien til Storsetra kryssar vegen. Der ifrå opp stien gjennom granene og den velstelte stølen. Gradestokken viste 5 grader på seterveggen.


Fulgte stien vidare frå setra til Middagssteinen, og dagens mål Klokkarhaugen. Været vart ei blanding av skyer, skodde med ein og annan åpnigen med glimt av sol og utsikt til de omliggjande fjell og fjordar. Nokre regndråpar vart det óg på nedturen, etter at nista vart inntatt på Klokkarhaugen.






-