Bøfjorden historielag:

Tema Friluft på museet: Turtips til lands og til sjøs
Alle med sans for trim, kulturminne, fjell- og sjøliv får gode tips og informasjon på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.
Historielaget markerer Friluftslivets år 2025 med temadag på sin måte. Ein biletserie gir forslag til utflukter i vakker natur ut frå heftet «Turar i Bøfjorden». Her er opplegg for alle ambisjonsnivå: Til Kalset og Hyllrabben kan ein trille barnevogn. Litt brattare, men overkommeleg for dei fleste, er Hjelmen og Blåfjellet.


Kulturhistorie og strandhogg
Spennande hendingar og særtrekk knyter seg til dei 26 rutene i heftet. Mykje utfaldar seg i foto på lerretet.
Vante turfolk i salen vil kommentere turane, og ordet er fritt for alle innspel.

Dessutan innbyr sjøen til båttur og strandhogg. Programmet gir aha-opplysningar om busetnad, fiskeplassar og dramatiske hendingar langs fjorden.
Ekstra: Modellskuter
Som ekstranummer dukkar to modellbyggjarar frå Averøya opp med nye, prektige skuter: Magne Norman Otterlei med miniutgåve av snurparen «Veslegut» og Charles Leite med jekta «Hansine». Dermed vil også skipsfarten på havet og langs kysten bli del av museumsprogrammet.

Søstrene Kirsten og Astrid ståkar på kjøkenet.
--
ANNONSE:
