Pensjonistforbundet Surnadal:

Medlemsmøte med interessant tema
Folkehelse og livskvalitet er tema for medlemsmøta i Pensjonistforbundet Surnadal hausten -25. Onsdag denne veka vart det første møtet halde. Fysioterapeut og folkehelsekoordinator Trine Glåmen heldt eit svært interessant foredrag om temaet einsemd; ein viktig faktor for god livskvalitet for oss alle. Over 70 personar møtte opp til ei triveleg stund på Frivilligsentralen.


