Gudsteneste Åsskard:

En dame kledd i hvitt leser opp en preken
Sylviane Jacques Denis preika om kveitekornet – og kva teksten betyr for oss.

Kyrkjedag med perspektiv

Gudstenester på sommaren kan ha få deltakarar. Likevel vart det ei fin samling i Åsskard søndag.

Publisert Sist oppdatert

Sylviane Jacques Denis, opprinneleg frå Madagaskar, gjorde presteteneste. Ho vart introdusert ved at klokkar Randi Bøe las biskop Ingeborg Midttømme sitt fullmaktsbrev. Dette gir den nyutdanna presten høve til å leie gudstenester, dåp, nattverd og gravferd - som «sendebod for Kristus» etter sitat frå 2. Korintarbrev.

Kveitekornet dør for å gi grøde

Preiketeksten frå Johannes-evangeliet skildrar kveitekornet, som må dø for å gi grøde. - For oss betyr det å sjå alt i større samanheng enn kortsiktig lykke, sa Sylviane. – Er vi berre egoistiske, kan vi miste det kristne perspektivet, understreka ho, men ho føygde til at det evige livet ikkje berre er noko fjernt langt framme: - Det startar her og no!

Ei bølgje tilbake frå misjonsmarka

Under kyrkjekaffen vart det trekt linjer mellom Madagaskar og bygdene våre. Heilt frå 1800-talet har dugnad og auksjon i misjonsforeiningane skaffa midlar til arbeidet ikkje minst der på øya.

- Det er som ei bølgje derifrå med dette no kjem tilbake hit, sa misjonsveteran Nils Magnar Torvik og takka prestedottera frå Madagaskar, som denne dagen delte evangeliet med folket her. Og da han og Sylviane fekk alle med på den gassiske songen «Jesus, Jesus, ja, han alene» i salmeboka etter kyrkjekaffen, var det som ein stor ring var slutta.

5 kvinner holder opp en brodert duk i kirka
Inger Lise Heggem viser duken som Ingeborg Bøe laga i si tid og som Eldfrid Sæthervik no har gjeve til kyrkja. Rundt henne frå venstre Kari Aarnes, Randi Bøe, Sylviane Jacques Denis og Eva Jorid Svendsen.
Et bord med en hvit brodert duk. På duken står en vase med blomster og et sort hvitt bilde av en eldre dame
Duken plassert på bordet sitt ved lysgloben – for høvet med foto av Ingeborg Bøe i ramme, ho som sauma den for lenge, lenge sia.

Duk i gåve til kyrkja

Frå Eldfrid Sæthervik fekk Åsskard-kyrkja elles ei fin gåve denne dagen. Ein vakker duk, sydd av Ingeborg Bøe, fekk plass på eit bord framme ved lysgloben. Ingeborg (fødd 1876) var frå Stranda på Bølandet, men levde siste åra sine hos dottera Margrete på Lunheim ved Hakstad.

Olsok og tradisjon på museet

Olsok som tema var lite framme i sjølve gudstenesta. Derimot stod det i sentrum under ettermiddagens program på eit godt besøk Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Der vart gudstenesta indirekte følgd opp i biletkåseri over lokal olsokhistorie, pilegrimsvegar og primstav-tradisjonar. Blant desse tradisjonane har vi årviss feiring av Kyndelsmess 2. februar Rindalen.

- Men det har vi også på Ålvundeidet! kunne Arne Drøpping skyte inn. Slik fekk Sylviane Denis denne dagen møte fleire med tilknyting til misjonsarbeid på Madagaskar. Arne er med i regionsstyret for Det Norske Misjonsselskap, og kona Cecilie Rø Drøpping ein uvanleg flittig dugnadsarbeidar for NMS. Misjonsringen knytt saman også her.

Jau – det vart perspektiv over andredag olsok!

Powered by Labrador CMS