Prisdryss og semifinale på Rinnvollen
Laurdag var det duka til semifinale i trøndersk mesterskap G16 på ei sleip og våt grasmatte. Heimelaget fekk besøk av Byåsen og det vart ei målrik batalje. Og i pausen vart det utdelt ildsjelpris til Småtrolluka!
Det vart ein begivenhetsrik dag på Rinnvollen laurdag, då det var semifinale i trøndersk mesterskap, gutter 16år. Heimelaget tok imot Byåsen og det skulle visa seg å bli ein sjåverdig og spennande kamp. Første omgangen starta jamt, med eit ørlite overtak til vertane. Spelet bølga att og fram gjennom omgangen, og sjølv om heimelaget festa meir og meir grepet utover, makta dei ikkje å setje ballen i nota. Det gjorde ikkje gjestane heller, så omgangen ebba ut på stillinga 0 – 0.
Ildsjelpris
I pausen delte leiar i Rindal Idrettsråd, Jon Solem, ut ildsjelpris. Ein velfortent pris gjekk til Småtrolluka, som i førti år, gjennom dugnadsbasert arbeid, har samla ungar frå heile regionen til fotballskule i Rindal. Dette er idrettsrådets begrunning:
«Årets Ildsjelpris går til Småtrolluka. Småtrolluka har nettopp fylt 40 år. Siden midten av 1980-tallet har den holdt det gående og samlet barn og unge til en ukes idrettslig og sosial utfoldelse hver sommer. Fotball har stått i sentrum, men det har samtidig vært et mål at aktivitetene skal ha et allsidig preg. Dette er en pris vi i idrettsrådet tenker at først og fremst er en stor, kollektiv ildsjelpris. Den går til alle som har bidratt gjennom alle disse årene. Noen har tatt på seg større ansvar enn andre, og det er selvfølgelig viktig, uten det hadde det ikke blitt noen Småtrolluke. Men vi i idrettsrådet vil gjerne også bruke denne tildelinga til å trekke frem alle de som år etter år stiller opp og gjør de mange mindre synlige tingene, de som står på komitelister og betjener kiosk, hjelper til på kjøkken, står for vakthold, ordner og klargjør baner; alle slags større og mindre gjøremål. Uten denne innsatsen hadde det heller ikke blitt 40 år med Småtrolluke»
Robert Nergård, Mali Norli, Mali Nerbu Løfald og Anna Marita Bøe Elshaug tok i mot prisen på vegne av organisasjonen. Det vil seinare i år bli ein meir offisiell utdeling under «Idrettens hederskveld» i Trondheim.
2. omgang
Etter prisutdelinga kom laga på bana, og det var heilt klart heimelaget som starta best. Dei gjekk rett i strupen på gjestane og det var fortent da Varg Heggem Sæterbø fekk ballen i nota etter fem minuttars spel i 2. omgang. Etter scoringa kom gjestane meir inn i kampen og berre fem minuttar etter Rindals scoring, fekk Byåsen utlikninga. Det såg då ut som om heimelaget fall litt saman, for Byåsen fekk både 1-2 og 1-3 før vertane fekk summa seg. Det skal seiast at ein av scoringane til Byåsen antageligvis skulle vore annulert grunna offside, men sidan kampen gjekk utan linjedommarar vart det sjølvsagt umogleg for kampleiar å få med seg det. For øvrig merkeleg at fotballkrinsen ikkje stiller med linjedommarar på ein slik viktig kamp som dette.
Heimelaget reiste seg imidlertid etter dette og klarte å redusera til 2-3 ved Brage Andersen, og fortsette køyret mot Byåsens mål! Men då skjedde det som ofte skjer; bortelaget fekk ei kontring og sette 2- 4 drøye 10 minuttar før slutt noko som gjorde oppgåven særs vanskeleg for Rindal. Men dei gav aldri opp og klarte å pynta på resultatet fire minutt på overtid ved Tore Honnstad. Fleire mål vart det ikkje og Byåsen kunne strekkje armane i vèret for 4-3 seier. Heimelaget kjempa verkeleg godt og dei hadde fortent betre resultat enn dette.
Byåsen skal møte vinnaren av den andre semifinalen mellom Namsos og Oppdal seinare i haust.