ANNONSE: Surnadal kino:

Fra filmen "Pensjonskuppet".

Morn’a Jens?

Det er budsjettforhandlingar og regjeringa legg opp til å bruke av det såkalla oljefondet i år også. Men da må dei kjappe seg, for ein gjeng eldre kvinner prøver no å stele fondet. Lukkast dei? Vel, det kan du finne ut på Surnadal kulturhus kl. 12 på onsdag.

I PENSJONSKUPPET møter du Hege Schøyen, Anne Marie Ottersen, Anette Hoff og 92 år gamle Bente Børsum. Dei finn ut at det er greiast å sikre alderdomen gjennom å forsyne seg av oljefondet, samt at nokre av dei også har sterkt personlege behov for å hemne seg på «Gutteklubben Grei».

Likar du actionfilm, er du rimeleg sikker på å treffe uavhengig av kva du ser på. Komedie er derimot ein vanskeleg sjanger for å tilfredsstille alle. Kva som er artig for ein person, treng absolutt ikkje vere det same for andre.

PENSJONSKUPPET viser akkurat det tydeleg. VG trillar terningkast fem og startar med å skrive at filmen er «oppsiktsvekkende vellykket» og at kritikaren meiner filmen var 10 gonger betre enn kva han hadde våga å håpe på. NRK meiner filmen heller ligg i midtsjiktet (tre på terningen) og at det er «en snill og ufarlig komedie som ikke utfordrer deg på noe som helst vis». Og les ein andre kritikarar, verkar det som om terningkasta er skote ut med hagle – med overskrifter som «Sjarmerende kjeltringer» (Bergens Tidende) og «Løgne damer i syltynn kuppfilm» (Stavanger Aftenblad).

Surnadal kino viser denne helga, altså søndag 18. oktober, animasjonsfilmen «Sauen Shaun – Gårdens fårbannelse» og den norske dokumentarfilmen «Harila – Nådeløse fjell».

Powered by Labrador CMS