Koret P17 kalla dette «open øvingskveld», men sørga for allsidig program.

Salmer med levd liv

Kultur i alle variantar pregar 150-årsmarkeringa for Åsskard kyrkje.

Publisert

Her litt frå onsdagens «Evensong» - det åttande jubileumsprogrammet så langt.

Ramma var tilnærma Evensong og la særleg vekt på salmeskatten. Koret Prosjekt 17 førte an med stemmer oppå allsongen og med eigne korverk. Fløytist Tove Elin Strand og fiolinistane Synnøve Hammervold og Tarjei Bøe (lærar og elev) spela til.

Salmeboka - ei suveren samling

Å synge betyr mykje i dag som alltid. Ekspertar bekreftar at songen lever sjøl om både helsa og minnet sviktar. Nettstaden «syngendekommune.no» slår fast at når du syng, oppnår du «fellesskap, trivsel og velvære» og finn uttrykk for alle livets stemningar.

Som essens av «Landstads reviderte», barnesongbøker og skulens «Mads Berg» er vel «Norsk Salmebok 2013» vår suverene samling av gode tonar og tekster om levd liv. Godbitar frå boka fylte Evensong-timen - frå eldgammelt til spilder nytt, frå Paul Gerhardt (1653) til «Tenn lys» (Portveien 2).

Fargerike historier

Bak songskatten vart det henta fram fargerike historier. Visste du at «Alltid freidig» er frå eit syngespel om Tornerose og prinsen? At Petter Dass forklarer «Lat namnet ditt helgast» med å la «stene og tørre bene ... stenbit og seien, torsk og skreien og nise» helge Guds namn? Eller at finalepublikum på Wembley har sunge «O, bli hos meg» (Abide with me) kvart år sia 1927?

Desse og andre historier som dukka opp, sette mykje av programmet i perspektiv, sa publikum etterpå.

Feltsalmebok frå Toresetra

Særleg inntrykk gjorde den knøttlille «Salmer og Vers». Feltsalmeboka på 5x6 cm etter Ola Holten (1883-1963) på Toresetra var obligatorisk utrustning for soldatar på hans tid. (Ola stod forresten æresvakt ved Haakon VII si kroning i 1905.)

Bak somme av dei 34 salmene står gripande historier om kva dei kunne bety. Som da «Nå la oss takke Gud» (av alle ting!) «istemtes efter Slaget ved Leuthen d. 5. Decbr. 1757. En enkelt Soldat begyndte, og hele Hæren, selv de haardt Saarede, stemte i med»!

Bibelen som kjelde

Fast tradisjon ved Evensong er alltid ein sats frå Salmane i Bibelen. Denne gong «Ditt rike står gjennom alle tider», tonesett av Egil Hovland og midt i blinken ved eit kyrkjejubileum!

Frå Bibelen stamma også to arier av Mendelssohn - «Var stilla i Gud» (står i oratoriet «Elia») og «Eg takkar deg» (i oratoriet «Paulus»). Dertil hans «Ave Maria» (Ver helsa, Maria).

Lang, lang rekkje ...

Kvelden var altså del av ei rekkje større og mindre tiltak i jubileumsåret for Åsskard kyrkje: Salmekveldar. Barnekveldar. Basar. Påskesongmesse. Kulturkvelden «Jonsvaka». Solistkonsert -og sjølsagt mange gudstenester. No gjenstår sist, men ikkje minst, Julekonserten søndag 29. november.

Fløytist og to fiolinister spiller kammermusikk foran et publikum.
Synnøve Hmmervold (frå venstre), 10-årige Tarje Bøe og Tove Elin Strand skapte lekre tonar i kyrkjerommet.
Eldre mann viser et svart-hvitt portrett foran et dekorert kirkealter.
Ser du soldatsalmeboka hans Ola Holten? spør programleiar Bernt Bøe. Ja, ho er knøttlita, men innhaldsrik på allevis!
Powered by Labrador CMS