Ordførar Hugo Pedersen (SP), styreleiar Ingeborg Orahaug, assisterande rektor Raymond Hansen, lokalpolitikar Kjell Gunnar Polden (MDG) og elev Helene Velde er bekymra for Nordmøre Folkehøgskule si framtid.

Statsbudsjettet ein katastrofe for folkehøgskulane

Da regjeringa sitt forslag til statsbudsjettet for 2027 vart lagt fram 7. oktober, vart det klart at det for andre år på rad vart lagt fram eit statsbudsjett utan indeksregulering av tilskotet til folkehøgskulane i Norge.

Publisert

Dette sjølv om Stortinget så seint som i 2025, i samband med revidering av Lov om folkehøgskular, vedtok at statsstøtta til folkehøgskulane skal indeksregulerast kvart år, heiter det i § 4.  

I tillegg har regjeringa redusert delen av studielånet frå Lånekassen som blir gjort om frå lån til stipend frå 40 til 15 prosent, noko som gjer at det blir merkbart dyrare å gå på folkehøgskule enn tidlegare og dermed fører til færre søkarar til folkehøgskulane.  

- Jeg ville neppe ha kommet til Surnadal og Nordmøre Folkehøgskule som elev om ordningen hadde vært slik i år, fastslo elev Helene Velde (19) frå Haugesund.   

Folkehøgskulane slit allereie med elevsøkinga  

Allereie med dagens ordning slit folkehøgskulane, spesielt i distrikta, med låge søkartal. Ved Nordmøre Folkehøgskule er det i dag 43 elevar, rundt halvparten av kapasiteten ved skulen.  

- Det vil i alle fall ikke bli bedre med dette forslaget, og vi synes det er rart at forslaget dukker opp igjen i år, konstaterte både rektor Kristian Lund Silseth og assisterande rektor Raymond Hansen.   

- Uansett hvilke briller jeg forsøker å se på forslaget med, så virker dette kun som et ønske om større og mer robuste skoler. Jeg forstår heller ikke at forslaget dukker opp igjen i år også, når Arbeiderpartiet i fjor lovte at dette ikke skulle skje igjen, la Hansen til.   

Store skular ikkje for alle 

- Store skoler er ikke for alle, vi trenger de mindre skolene for at alle skal få blomstre og finne sin vei, og forslaget virker som et ønske om å kvitte seg med skoler, la han til.   

- Det er også verdt å merke seg at regjeringen ønsker å øke tilskuddet til større skoler og redusere dette for små skoler, la Silseth til.  

Store og små står saman 

Folkehøgskulane hadde i 2025 totalt nær 6 500 elevar, og reduksjonen i staten sine tilskot til folkehøgskulane vil innebere at tilskotet blir redusert med 196 millionar kroner.    

Sjølv om dei større skulane gjennom regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er foreslått å få meir i tilskot, støttar dei opp om dei mindre skulane, opplyser Silseth.   

Skjønar ingenting 

Kommunestyrerepresentant i Surnadal kommunestyre og lokalpolitikar for Miljøpartiet de grønne (MDG), Kjell Gunnar Polden skjønar rett og slett ikkje at forslaget om kutt kjem også i år. 

- Dette er en sentralisering jeg er sterkt imot, der vi i verste fall risikerer at Nordmøre Folkehøgskule blir lagt ned etter mer enn hundre års drift, sa han.  

Nordmøre Folkehøgskule vart stifta i 1913, og har vore lokalisert i Surnadal sidan 1919.  

Polden siterte mellom anna grunnleggaren Henrik Rytter: «Folkehøgskulen skal rive opp augo på halvblind ungdom og brenne daudkjøttet bort. Her skal fyrast under kjelane».  

- Og det er jo nettopp det folkehøgskulane gjer, så eg skjønar rett og slett ingenting av det som er foreslått, sa han.  

- Dersom Nordmøre Folkehøgskule forsvinn, mistar Surnadal kommune 5 000 overnattingar av dei totalt 18 000 dei har under sommarhalvåret, fordi taekwondo leirane som er her kvar sommar vil forsvinne, det betyr også noko, la han til.  

Han vite til at sjølv statsminister Støre i festtalar har snakka varmt om folkehøgskulane.  

- Da er det ekstra rart at han også i år foreslår kutt, avslutta Polden.  

Brevet fra Kjell Gunnar Polden til ordføraren kan du lese her.

Styreleiaren med klar melding 

- Jeg tror at folkehøgskolene er misforstått, at mange ser på det som et friår. Men dette er en kritisk samfunnsoppdrag. Jeg ser verdien av at det bygges trygge, unge voksne som finner plassen sin i fellesskapet, sa styreleiar i Nordmøre Folkehøgskule, Ingeborg Orahaug. 

- For hver ungdom man klarer å berge fra utenforskap, vil samfunnet i løpet av et livsløp spare mange millioner, la Polden til.  

Ordføraren tek saka vidare.  

- Nordmøre Folkehøgskule er ei av merkevarene og i Surnadal kommune og ein viktig arbeidsplass, sa ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen (SP). 

Han var rett og slett trist og lei seg for forslaget om folkehøgskulane i statsbudsjettet, og meinte dette ikkje var akseptbalet.  

Han tek, med bakgrunn i brevet frå Kjell Gunnar Polden (MDG) no saka opp i formannskapet 20. oktober og i kommunestyret 29. oktober.  

- Jeg kan ikke løse alt, men tar med meg saken videre, for dette er en viktig sak for kommunen vår, avslutta Pedersen. 

Powered by Labrador CMS