ANNONSE:
Polsdans i Skulstuå
Skulstuå i Todalen minner igjen om dansing av polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon, vals, reilender og polka med meir, i Todalen ungdomshus torsdag 15.oktober kl. 19.00.
Kurset passar for folk i alle aldrar og på alle nivå. Enten du har ein «nedarva polsfot» og kjenner dansen frå før, eller du aldri har prøvd pols før, er du hjarteleg velkommen. Her er det rom for både nybyrjarar og erfarne dansarar.
Pris:
Kr 50 pr kveld, vipps til 590 343
Stad:
Todalen ungdomshus, Todalen
Tid:
Torsdag 15.oktober kl.19.00 – 21.00
Utstyr:
Dansesko eller dans på sokkelesten.
Mat:
Det blir sal av mat i pausen.
Skulstuå i Todalen ynskjer alle hjarteleg velkomne!
Hald av datoen!
Laurdag 24. oktober blir det dans til levande musikk med Nordmøre Spelemannslag. Det blir og to seminar tidlegare på laurdagen ein kan melda seg på, eit med speling av pols og eit med polsdans. Meir informasjon kjem snart – men sett av datoen allereie no, og bli med på ei triveleg helg fylt med musikk, dans og levande kulturtradisjonar!