Militærøving på Nordmøre 13. - 20. oktober - aktivitet i Surnadal

Publisert Sist oppdatert

Heimevernet gjennomfører militærøving på Nordmøre frå 13. til 20. oktober. I Surnadal blir det aktivitet mellom anna ved Angråmyra skytebane og i sentrum. Det er varsla mest aktivitet rundt Skei og kommunehuset fredag 16. og laurdag 17. oktober, skriver Surnadal kommune på sine heimesider. 

Under øvinga vil innbyggarane kunne sjå militært personell og køyretøy fleire stader i kommunen. Det blir også noko militær trafikk langs vegane og ved Kvatro og MøreTre, seier Stig Cato Magnussen i Nordmøre Heimevernsområde.

Det blir gjennomført skarpskyting med skarp ammunisjon på Angråmyra skytebane gjennom øvingsperioden 13.–20. oktober.

Torsdag 15. oktober blir det også skarpskyting på Bøverdalen skytebane. Når det er skyting på skytebanene, blir det heist raudt flagg.

– Som ein del av treninga kan det bli brukt lausammunisjon og andre markeringsmiddel. Det betyr at folk kan høyre skotlydar også i sentrumsområdet, opplyser Magnussen.

Heimevernet har ei viktig rolle i beredskapen vår. Gjennom regelmessige øvingar styrker dei evna til å verne befolkninga og bidra til tryggleik i lokalsamfunna våre dersom ei krise oppstår.

Powered by Labrador CMS