Jenny Klinge - "Kanarifuglen og ørna"

Ka om... vi konnj værra ørna færr æn dag?

Publikum kjente si besøkelsestid da Jenny Klinge sto fram med si personlege forteljing i Surnadal kulturhus torsdag kveld. Framsyninga har ho kalla "Kanarifuglen og ørna", men sjølv er ho kanskje meir kjent som ei urokråke...?

Publisert Sist oppdatert

Jenny Klinge (50) har hatt ein lang karriere som Senterparti-politikar, det meste av tida som Stortingsrepresentant. Det starta med at ho var valt inn i kommunestyret i Surnadal da ho var 24 år gamal. Ho satt i kommunestyret i to periodar, den andre perioden som varaordførar. Medan ho var varaordførar vart ho valt inn som vararepresentant for Møre og Romsdal på Stortinget. I 2009 fekk ho fast plass på Stortinget, og der vart ho fram til ho avslutta den politiske karrieren ved valet i fjor haust. Torsdag kveld sto ho aleine på scena for full sal i Storstuå i Surnadal kulturhus, med si eiga personlege forteljing. 

Kaostisk kvardag med mykje energi

Jenny starta med å fortelje at ho gjennom heile livet har ønska å vere ei ørn, sterk og fri og egenrådig, med luft under vengane. Men sjølv konkluderer ho med at ho nok aller mest har ho nok vore ei urokråke.

Ho har valt å vere open om at ho har vore plaga med smerter og sjukdom gjennom heile livet, men at ho alltid har trossa plagene og stått på. Kvardagen beskriv ho som ganske kaotisk og slitsam, og ho tenkjer at det er det høge energinivået som har halde ho oppe.

I forestillinga denne kvelden delte ho tankar om kvifor livet hennar har vorte slik, og kva ho sjølv og andre kan lære av dei erfaringane ho har fått med seg.

Gode og vonde minne frå barndommen

Jenny voks opp i Østbødalen i Surnadal, ein plass som ho sjølv beskriv som eit barndomsparadis. Men barndommen var óg prega av uro og bråk i heimen, og av mora sin alvorlege sjukdom og dødsangst. Jenny opplevde at mora valde henne som den næraste pårørande og næraste omsorgsperson, frå ho var ganske lita. Jenny vart den som måtte "bære den tyngste børa".

Ho har opplevd traumer både i barndommen og i vaksen alder, og det vel ho no å vere open om. Ikkje minst ønsker ho å hjelpe andre å sjå at det nesten alltid er håp, uansett kor langt nede ein er.

Ei viktig unnskyldning

Ein episode som i stor grad endra livet til Jenny til det betre var at faren ei dag uoppfordra ga ho ei uforbehalden unnskyldning for alt bråket og alle konfliktene ho opplevde i oppveksten. Da var Jenny 16 år. Denne unnskyldninga vart svært viktig for ho å ha med seg på vegen vidare i livet.

Kvinne på scene foran et lerret med bilde av et eldre par.
Jenny med bilde av foreldra i bakgrunnen. Foreldra døde for mange år sidan, og Jenny fortalte at ho likar å sjå på glade bilde av foreldra, for å hjelpe seg sjølv med å hugse dei gode minna betre enn dei dårlege.

Aldri for seint å kjøpe piano

Frå ho var lita ønskte Jenny seg alltid eit piano. Gleda var stor da ho endeleg skulle få eit piano, men det snudde til skuffelse da ho endte opp med eit orgel i staden. Da ho var 30 år innsåg ho riktig nok at det var for seint å øve seg opp til å bli konsertpianist, men ho bestemte seg likevel for å kjøpe eit piano. For publikum i Storstua spela ho melodien til "Song for a stormy night" frå Secret Garden/Steinar Albrigtsen. Denne songen har ho bruka som "medisin" for å sovne lettare i periodar med søvnproblem.

Pianist ved flygel på scene med projisert fjellillustrasjon i bakgrunnen.
Jenny spela "Song for a stormy night" på flygel, med barndomsparadiset Østbødalen på letteret i bakgrunnen. Ho teikna dette bildet i barndommen.

ADHD de luxe

I førehandsomtaler av denne forestillinga har Jenny mellom anna lagt vekt på eit budskap om at vi menneske er så uendeleg mykje meir enn dei merkelappane eller diagnosane vi får. Sjølv har ho mellom anna diagnosen posttraumatisk stressliding. Medan ho var i starten av karrieren på Stortinget fekk ho i tillegg diagnosen bipolar liding. Bipolar-diagnosen var seinare nær ved å velte karrieren hennar som stortingspolitikar, men minnet om ein samtale med daverandre ordførar i heimkommuen, Bergsvein Brøske, ga ho mot til  å fortsette på Stortinget. Der vart ho som kjent i mange år.

Jenny er ikkje sjølhøgtideleg, så om det var bra eller ikkje at ho vart verande på Tinget i mange år, det let ho andre få ha sine eigne meiningar om. Men viktige poeng i dette er at det å stille denne typen diagnoser er ein stor og svært kompeks jobb, og at det å få feil diagnose kan få store konsekvensar.

Seinare fekk Jenny nokre samtalar med ei anerkjent psykiater, som meinte at ho ikkje har bipolar liding, men derimot ADHD. Jenny sin første reaksjon på denne diagnosen var spontant svært negativ, men etter å ha tenkt seg om er ho enig i at den stemmer. Ho vart også merksam på at det ikkje berre er negativt å ha ADHD. Psykiateren ga ho til og med diagnosen "ADHD de luxe", for ho hadde større utslag på skalaene enn nokon andre han hadde diagnostisert. 

Høgsensitiv "kanarifugl"

Jenny plasserar seg sjøl i kategorien høgsensitiv, saman med anslagsvis 20 - 30 prosent av resten av befolkninga. Høgsensitiv er ikkje er diagnose, men ein personlegheitstype. Mange med ulike diagnoser, men óg mange uten diagnose, er høgsensitive. Det er her kanarifuglen kjem inn i bildet.

Kanarifuglane er små, men fargesterke, fuglar som gjer mykje av seg. Dei kvitrar og syng. Historisk, og heilt fram til midten av 80-talet, vart kanarifuglar brukt i gruver som tidlege varslarar om mangel på oksygen og dødelege og usynlege gassar. Kanarifuglar har raskare pust og høgare forbrenning enn menneske, og reagerer derfor raskare på mangel på oksygen eller farlege gassar.

Gruvearbeidarar tok med seg ein kanarifugl i bur ned i gruva, og så lenge fuglen song var det trygt. Dersom fuglen slutta å synge var det eit teikn på fare, og det var viktig å komme seg opp og ut så fort som mogleg. Det var óg viktig å ta godt vare på desse fuglane, fordi dei kunne redde liv.

Jenny ser på kanarifuglen som eit bilde på høgsensitive menneske. Ho minna om at det er lurt å ta godt vare på dei høgsensitive, for dei vil vere dei første som varslar når vi ikkje lenger er på rett veg.

Leve i 50 år til?

Etter enda ei traumatisk oppleving for nokre år sidan fekk Jenny symptom som kunne likne på hjerteinfakt, og vart sent på "stresstest" for å sjekke hjartefunksjonen. Etter testen fekk ho tilbakemelding om at ho var fysisk frisk, og i mykje bedre form enn gjennomsnittet i høve til kjønn og alder. "Du kan leve i 50 år til", fekk ho beskjed om. Den spontane responsen frå Jenny sjølv var at det visste ho ikkje om ho orka… Så langt hadde livet hennar i stor grad dreid seg om å berre halde ut.

Løft blikket - sjå ørna

Men med tanke på at ho kan "risikere" å måtte leve i 50 år til, bestemte ho seg for å begynne å ta betre vare på seg sjølv. Ho lova seg sjølv mellom anna å ta seg betre tid på tur med hunden, ta seg tid til å stoppe, la hunden snuse og sjølv nyte naturen rundt seg.

Dagen etter at ho hadde gjeve denne lovnaden til seg sjølv var ho ute på tur med hunden igjen. Da hunden stoppa for å snuse stoppa Jenny óg. Det var ikkje stort anna enn buskas å sjå på på akkurat denne plassen, så ho henta fram ei øving ho hadde lært tidlegare, der ho slo ut med armane og bøygde nakken attover. I det ho bøygde hovudet attover med opne auge såg ho rett opp på ei ørn som hang i lufta over seg. Ørna - den fuglen som ho alltid har drømt om å vere.

Tankevekkaren her er at ørna var der uansett, men dersom Jenny hadde halde fram som før, stressa for å bli ferdig med lufteturen og sett ned i bakken, så hadde ho aldri sett ørna. Dette har ho bestemt seg for å overføre til resten av livet - løfte blikket for å sjå meir rundt seg. Ho minna om at det ofte er dei små stega i kvaradagen som gjer den største skilnaden over tid.

Foredragsholder med utstrakte armer på en scene med skjerm og oransje sofa.
Jenny viser kva ho gjorde for å sjå ørna.

Ka om… vi bredd ut venganj?

Som avslutning på kvelden inviterte Jenny publikum med på allsong. Ho har fått lov av rindalsartisten Jo Sverre til å skrive om songen "Ka om", med eit tema som passa til budskapet hennar denne kvelden. Jo Sverre har spela inn musikken på gitar, og Olav Nergård Tørset har miksa, slik at Jenny sjølv kunne synge til.

Dette var, ifølge Jenny sjøl, første gongen ho song aleine for eit publikum. Dette hadde ho verkeleg grua seg til, og uttalte at det var fare for at ho kunne høyrast ut som Olga Marie Mikalsen i Solo-reklamen. Men, ho hadde bestemt seg for å gjennomføre dette uansett.

Det gjekk riktig så bra, og heile Storstuå reiste seg og song med på den nye refrenget: "Ka om vi breddj ut venganj? Ka om vi konnj værra ørna færr æn dag…"

Publikum ser mot en scene med en person, en opplyst skjerm og en oransje benk.
Jenny song for fullsatt sal i Storstuå, og publikum reiste seg og song med.
Fire personer står sammen innendørs; personen i midten holder en fargerik blomsterbukett.
Jenny etter framsyninga saman med ein nabofamilie som var til stor støtte for ho i oppveksten - Elisabeth, Aud Ingrid og Knut Johan Brenden.
Stablede illustrerte bøker med lyse omslag og fargerike tegninger.
Boka som Jenny Klinge ga ut for nokre år sidan, "Dønn distré", er framleis å få kjøpt.
Powered by Labrador CMS