Pensjonistforbundet Surnadal
Fjellgruppa til Bollen
Denne veka valgte Fjellgruppa grunna vervarsla å flytte turen til mandag 14. september. 25 møtte opp på parkeringsplassen i Vindøldalen der Turistforeninga sin merka tursti opptil Bollen startar.
Oppe ved hytta venta Sissel og Olav på oss. Her er den omlag første kilometeren langt ned ein enorm dugnadsinnsats med å lage og å legge ut vandringar over dei blautaste myrpartia, og med å flekkje av torva på berget der den var på det tynnaste.
Stien vidare bar preg av den våte ettersummaren og hausten. Vel oppe på den 809 høge toppen vart det velfortent kvile med utsiket til fjorden og langt inn i Trøndelag og til haustkledde fjell.
Ein stor takk til Sissel og Olav som på turen ned inviterte til kaffe og kaker på hytteverandaen.
-