Pensjonistforbundet Surnadal:
Fjellgruppa til Bøfjorden og Håkkåsteinen
33 vandrarar møttest på Dragset for å ta fatt på dei 4 kilometrane og vel 400 høgdemetrane opp til Håkkåsteinen. Vèret vart betre og betre opp Dragsetdalen. Aller best vart det når vi nådde målet, - steinen som ein eller annan jutul hadde plassert oppe i skaret mellom Flatfjellet og Middagsheia på vasskille mellom Bøfjorden og Halsa. Belønninga etter motbakkane vart velfortjent rast og utsikt til Skålvikfjorden, øyene og havet utafor.
-