Eidet bedehus

Et hus med kors på veggen

Reine tonar

Eit stort velbrukt piano på Eidet bedehus treng stemming og oppjustering.

I samband med Svein Volles 80-årsdag med opent hus og mykje song og musikk, vart det gitt bortimot 10 000 kr i gåve til dette føremålet og til innkjøp av salmebøker.

Fagkyndig stemmar av pianoet er bestilt og på veg i juni.

Bedehusstyret og vi takkar alle for gåvene. Og vi takkar dei som deltok med talar, dikt, song, musikk og mat og kjøkkenarbeid for ein strålande fest.

Einy & Svein

Powered by Labrador CMS