![Russen skal være stolt av revyen sin. Her på avslutningssongen. Mange ungdommer i ulike kostymer står på scenen og synger med ei hånd med knyttet neve opp i lufta. Bak dem et lite orkester. På veggen bak dem står 'Fuck Schoul' med spraymalt skrift.](https://image.trollheimsporten.no/226336.webp?imageId=226336&x=4.12&y=20.81&cropw=80.86&croph=61.54&width=960&height=548&format=jpg)
Russerevyen: «Fuck ScHoul»
Premiere i kveld 9. mars!
Stemninga er god når det nærmar seg premiere for russerevyen «Fuck ScHoul».
- Ein liten, men god gjeng, sier PR-sjef Maria Tonning Løvtangen om årets russekull. Det er mange som er i sving når ein revy skal settast opp og dei vel 35 elevane gjer ein strålande jobb. Det er flytande sceneskifte og ein god raud tråd gjennom førestillinga. Sjølv om avgangselevane ordnar mykje sjølv, har dei og litt lånt hjelp.
Lyd og lys: Rune Dalager og Frank Botten. Stødig i jobben som vanleg. Bandet: Johanne Holten, Sigve Holten, Per Olav Bredesen og Lubomir Alexandrov sørga for fengande og presis musikk.
Camilla Hyttebakk er instruktør ved årets revy. Ho får mykje skryt frå elevane for hjelpa ho har bidrege med. Kaja Sofie Kvande har laga koreografi. Og den satt hos dansarane! Under generalprøven fekk ein sjå fleire flotte fellesdansar.
![Koreografien satt godt. Mange ungdommer danser på scenen. På veggen bak dem et bilde av ytterveggen på Surnadal vidaregående skole, der det står 'Fuck Schoul' med spraymalt skrift.](https://image.trollheimsporten.no/226323.webp?imageId=226323&width=960&height=548&format=jpg)
Revyen tek oss med inn i skulekvardag, fritid og fest. I tråd med revynamnet ser dei seg og litt skulelei. I løpet av revyen følgjer vi ikkje berre elevane, men vi får og sjå litt av kva lærarane driv med i løpet av skuledagen.
![Kva føregår eigentleg inne på lærarrommet? Seks ungdommer står på scenen. Han som står fremst er utkledd med parykk med langt grått hår med hestehale (kan se ut som det skal ligne på en bestem lærer). De andre er normalt kledd. Ei av dem ligger over et bord som om hun sover. De fire andre står og ser på den fremste. Bak dem et lite orkester. På veggen bak dem står 'Fuck Schoul'.](https://image.trollheimsporten.no/226325.webp?imageId=226325&width=960&height=548&format=jpg)
Nokre velkjente lærarparodiar høyrer til på ein russerevy.
![Ein heilt sixpence-fri revy vart det heller ikkje dette året. Og det er vi glade for! Tre ungdommer står på scenen. Han som står midt på scenen har brun boblejakke og sixpence og holder en veske eller ryggsekk foran seg. To jenter står på sida og ser på han. Bak dem et lite orkester. På veggen bak dem et bilde av ytterveggen på Surnadal vidaregående skole, der det står 'Fuck Schoul' med spraymalt skrift.](https://image.trollheimsporten.no/226334.webp?imageId=226334&width=960&height=548&format=jpg)
Om ein er gått ut i pensjon kan ein heller ikkje føle seg alt for trygg. Trym Ranes gjorde ein glimrande parodi på ein nyleg pensjonert lærar. Han fungerte som ein raud tråd og ein raud tråd er ofte ein suksessfaktor i ein revy.
![Gutane byr på seg sjølv. Fire unge gutter, overdrevent utkledd som jenter, på scenen. De har parykker med langt hår i ulike farger, korte skjørt og strømpebukser i ulike farger. To av dem holder opp den tredje med skrevende bein mot publikum. Den fjerde sitter på kne ved siden av og holder hendene opp mot de andre. Bak dem et lite orkester. På veggen bak dem et bilde av ytterveggen på Surnadal vidaregående skole, der det står 'Fuck Schoul' med spraymalt skrift.](https://image.trollheimsporten.no/226319.webp?imageId=226319&width=960&height=548&format=jpg)
Litt underbuksehumor
og dristigheit slepp vi sjølvsagt ikkje unna.
![Ingen hadde problem med å følgje koreografien til Kaja Kvande i dette numret. Fire unge gutter, overdrevent utkledd som jenter, ligger på scenen i samme posisjon med et bein i været. De har parykker med langt hår i ulike farger, korte skjørt og strømpebukser. Bak dem et lite orkester. På veggen bak dem et bilde av ytterveggen på Surnadal vidaregående skole, der det står 'Fuck Schoul' med spraymalt skrift.](https://image.trollheimsporten.no/226321.webp?imageId=226321&x=0.00&y=11.76&cropw=100.00&croph=76.47&width=960&height=548&format=jpg)
![Duett og pardans. Fire ungdommer på scenen. En gutt og ei jente står og ser på hverandre og synger i mikrofon. Ei jente og en gutt danser med hverandre. Alle fire er kledd i selskapsklær, kjole og dress. Bak dem et lite orkester. På veggen bak dem står 'Fuck Schoul'.](https://image.trollheimsporten.no/226317.webp?imageId=226317&x=0.00&y=11.76&cropw=100.00&croph=76.10&width=960&height=548&format=jpg)
Dyktige
songare leverte fleire gode songnummer. Her syng Maria Tonning Løvtangen og Ola
Gåsvatn. Marion Dragset og Lars Grytbakk i flott pardans.
Til tross
for eit mindre kull kjem det fram fleire gode aktørar. I ein russerevy
handlar det om totalpakka og der leverer dei. Russerevyen er ofte eit
springbrett for vidare deltaking i forskjellige førestillingar. Anbefaler folk
å ta turen for å sjå ungdommane på scena og heie på dei!
Bildeserie: