ANNONSE: Surnadal kino:

En gruppe mennesker står samlet rundt en person som ligger på en sofa i en stue.
Fra filmen "Velkommen til familien".

Du kan sjå alt muleg på kino denne veka

«Du kan sjå alt!» Overskrifta er stole frå ein av filmtitlane, men denne veka kan du sjå absolutt «alt» på Surnadal kino.

Det startar med «tiårets mest interessante dokumentar» og endar med klam julekos, og i midta er det eit krigsdrama frå ein plass du truleg ikkje veit om.

Filmklubben har sett opp TIDEVANNET PÅ AMRUM onsdag 2. desember kl. 12. Amrum er ei tysk øy i Nordsjøen der mange talar frisisk. Øya er eit paradis nokre gongar og andre gongar utsett for tøft uvêr – og ein fryktar eit uvêr denne gongen, mest av di det går hardnakka rykte om at Nazi-Tyskland har tapt krigen. For 12-årige Nanning blir omveltingane høgst forvirrande for ein som har levd under, og med, hakekorset i all si tid.

Filmen er basert på barndomsminna til forfattaren Hark Bohm, og guten som spelar Nanning har fått strålande kritikkar: «En helt sensasjonell skuespillerdebut», skriv Aftenposten og trillar ein 5 på terningen.

Eit halvt knepp rausare er kulturplattformen TBA som gir 9/10, som meiner at filmen er av dei beste i år. Dei skriv at filmen «er spekket med ufattelig vakre landskapsbilder som brenner seg fast på netthinnen og en fortelling som blir liggende og ulme.»

Men tilbake til overskrifta – og dokumentaren som går søndag 29. november og så på onsdag: «YOU CAN SEE EVERYTHING». Filmen handlar om Elizabeth Holmes som lurte frå investorar fem milliardar kroner etter å ha påstått at ho hadde funne opp eit revolusjonerande blodanalyseapparat. Ho vart dømt til lang straff og eit dokumentarteam flyttar inn hos ho og sambuaren 34 dagar før ho skal i fengsel. For sambuarparet ville vise til verda at Elizabeth var «heil ved», men gjennom opphaldet tek det fyr.

Kritikarane er overvelda over denne lange dokumentaren, og karakterane går frå 5 på terningen til full score. VG brukar overskrifta «Inderlig underlig» om filmen dei meiner er «tiårets rareste dokumentar» og «årets snakkis».

Omtrent like underleg frå fredag av når Inga Ibsdotter Lilleaas («ho andre» frå «Affeksjonsverdi») skal vere med sambuaren heim til Kristiansand for å feire jul. Det blir eit rimeleg klamt VELKOMMEN TIL FAMILIEN for ho; i ein familie der det heller blir feira med tynn saft enn akevitt. Filmen er ein beksvart motsats til klissete Hollywood-produksjonar og du er med dette invitert til årets kleinaste julefeiring!

Same dag, fredag 4. desember, blir det også premiere på animasjonsfilmen KATTEN MED HATTEN. Gå inn på https://surnadal-kulturhus.no/ for tider og meir informasjon.

Kvinne står mellom scenelys og metallkonstruksjoner.
Fra filmen "You can see everything"
Syklist med sykkel på en sandstrand, med filmtittel øverst og Filmklubben-merke til høyre.
"Tidevannet på Amrum"
Powered by Labrador CMS