gutt i kostyme foran rødt hus - rekvisitt
Hans Hyldbakk oppe på Kleiva.

Familiedag i Vårsøglandet

Laurdag vart det liv og røre i foajeen på kulturhuset under Vårsøghelga. Regnet flytta festen inn, men la ingen dempar på stemninga med sjonglering, dikt og maskotar. Kulturskuleelevane runda av med ei imponerande forestilling.

Laurdag vart ein innhaldsrik dag for små og store under Vårsøghelga i Surnadal. Det planlagde familietorget ved Kulturhustorget måtte flyttast inn i foajeen grunna regnvêret, men det la ingen dempar på stemninga.

Sjonglering og maskot-fest

Inne på kulturhuset vart det starta med sjongleringsshow frå Circoyas som fenga både store og små. Mange maskotar dukka opp og helsa på barna, og spesielt stor jubel vart det da Brannbamsen Bjørnis kom.

menn i hvite t-skjorter sjonglerer
to menn sjonglerer
Guro og Imre fra kulturskolen i Trondheim blei med og imponerte på showet sammen med Circoyas.
maskotter
Maskotar på rekkje og rad!
bjørnis blandt voksne og barn
Dagens mest populære gjest for dei små - Bjørnis!
mange folk ser framover
Bra oppmøte på familietorg i foajeen.

Diktmønstring i nye rammer

Ein ny vri i år var at den tradisjonelle diktmønstringa vart lagt til familietorget, i staden for Kleivakvelden. Elevar frå dei fire skulane i kommunen framførte eigne dikt, leidd av Svein Sæter. Diktmønstringa er ein tradisjon under Vårsøghelga som mange set stor pris på.

jente leser fra ark og mann holder mikrofon for henne
Dei unge diktarane impoerte med dikt om ulike tema. Alt frå bestefedre til Ukraina.
Bjørnis og barn med bok
Diktarane fekk kvar si bok med dikt frå Vårsøglandet.

Vårsøglandet

Dagen vart avslutta med kulturskulen si forestilling Vårsøglandet, ei forestilling som baud på både fin musikk og humoristiske innslag. Publikum fekk møte kjende bygdeskikkelsar som Hans Hyldbakk, Henning Sommerro og Dordi Skuggevik,  levandegjort av dei unge skodespelarane og musikarane.

ungdommer i kostryme på scene
Ikkje alle var nøgde med Herborg Kråkevik sin nynorske "Vårsøg".
to barn med kostyme på scene
Banjo-Kari blei avbroten av Ingvild Kårvatn.
jente syner i mikrofon, band bak
Det var fleire gode musikkinnslag under forestillinga.
gutt i kostyme leser avis i stol
Henning Sommerro med avisa i godstolen.
Dame med banjo
Banjo-Kari.
to ungdommer i kostyme sitter i stoler
Powered by Labrador CMS