En mann foran et skilt på en vegg. Det står 'Leikarvollen scene'.
Edvin Nyland Næssæther på Leikarvollen Scene

– Musikken er fristaden min

Neste veke blir det storfint besøk på Leikarvollen scene. Da kjem Espen Lind og Skjalg Raaen for å underhalde bygdefolket. I snart ti år har Edvin Nyland Nessæther lokka store namn til det vesle konsertlokalet i Bøfjorden.

Edvin fortel at Espen Lind ikkje har hatt solokonsertar på 15 år.

– Eg såg at han skulle ha to konsertar i Trondheim og vart ganske overraska. «Driv han på med konsertar enno?»

Espen Lind har jobba både internasjonalt og i Noreg dei siste åra. Han har skrive musikk for kjente namn som Beyon, Train og Taylor Swift, og produsert plater for blant anna Kurt Nilsen og Ingebjørg Bratland.

Edvin fann e-postadressa hans på nett og forklarte kva han held på med, og fekk fort svar.

Knallbra lyd og stemning

Leikarvollen Scene har fått eit godt rykte på seg. Ein av grunnane er at Edvin har med seg Jon Ola Ulset på laget. Han leverer knallbra lyd på konsertane. Akkurat no er Ulset på turne med Stage Dolls som lydmann.

Artistane får ei spesiell konsertoppleving på Leikarvollen. Dei er ofte vande med store lokale og gjerde mellom seg sjølv og publikum. På Leikarvollen sit publikum heilt innmed scenen, og møtet mellom artist og publikum blir nært og intimt.

– Artistane blir ofte overraska over kor bra kvalitet det er på arrangementet. Vi får til mykje til trass for at vi er ei lita bygd med eit lite konsertlokale, seier Edvin.

Bakels og smørgraut

Edvin er veldig musikkinteressert og brukar lang tid på å finne rett artist. Etter at avtalen er i boks begynner førebuingane og arbeidet. Han er i tett kontakt med artisten eller manageren for å få til ein best mogleg konsert,og for at artisten skal få ei god oppleving på Leikarvollen.

– Å vera proff og nøyaktig er viktig for meg. Eg brukar mykje tid til å sette meg inn i musikken og tekstene til artisten, og eg ser mykjekonsertopptak av artisten som ligg ute Youtube.

– Veka før konserten er eg alltid nervøs, «kva om straumen går», «kva om ikkje artisten blir fornøgd». Heldigvis går nervøsiteten over med ein gong artisten er på plass. Det første Frode Alnæs sa når han opna døra og såg meg var «Faen, du ser akkurat ut som , jo». Vi er begge to skalla. Etter det kalla han meg berre «mini-me», seier Edvin og ler.

Edvin fortel at han får god kontakt med alle artistane. Han snakkar med dei om musikken og har gode samtalar, og så blir det alltid bakels og smørgraut på pauserommet.

– Det må det vera, smiler Edvin.

Lokal støtte

Konsertane er ikkje noko Edvin tener pengar på. Alt arbeidet han legg ned er dugnadsbasert. I tillegg let det seg ikkje gjera utan støtte frå lokale foreninger og bedrifter. Utan dei hadde ikkje konsertane vore gjennomførbare.

Konsertane går, om vi er heldig, i null. Folk skulle visst kor mykje tid, planlegging og pengar ein legg ned på ein konsert. At så mange lokale bedrifter og foreninger ser verdien i konseptet mitt er utruleg fint. Det er nok mange utgifter folk ikkje veit om, seier Edvin.

Edvin bur på Vågland, men er vokse opp i Bøfjorden.

– Vi frå Bøfjorden er heimkjære, veit du. Så det er heilt naturleg for meg å arrangere konsertane på Leikarvollen i Bøfjorden. Det er artig at det er noko som skjer i heimbygda mi.

Edvin er svært fornøgd med å ha fått booka Espen Lind til årets konsert på Leikarvollen
Skjalg Raaen kjem også på Leikarvollen neste veke. Han er gitarist i Åge Aleksandersens backingband Sambandet.
Ingeborg Dønheim kjem og spelar før Espen Lind og Skjalg Raaen. – Det er veldig gøy å gi eit lokalt talent ein sjanse til å vise seg fram, seier Edvin.

– Musikken er fristaden min

Musikk har alltid vore ein viktig del av Edvin sitt liv. Her ser vi han som toåring. Er det Vikingarna han høyrer på, tru?

Musikk har alltid vore viktig i Edvin sitt liv. Han fortel at han er vakse opp på «Vikingarna» og kakskiv.

– Heldigvis kom eg over albumet «Brothers in arms» i CD-samlinga til foreldra mine. Det redda meg frå Vikingarna, seier Edvin og ler.

Da Edvin var 23 år vart han skada på fotballbanen og måtte sette fotballskoa på hylla.

– Det vart ein skikkeleg nedtur. Eg var veldig sjenert, men på fotballbanen følte eg at eg kunne vera meg sjølv. Det var tøft å ikkje kunne vera ein del av fotballmiljøet lenger.

Edvin leita etter noko anna han kunne bruka tida si på, andre miljø han kunne vera seg sjølv i. I 2003 starta han difor den norske fanklubben til Mark Knopfler.

Sidan 2001 har eg vore på alle konsertane hans i Noreg utanom ein, og har fått møtt han to gonger, seier Edvin.

I 2014 fann han ut at han ville prøve å arrangere konsertar sjølv, og sidan har det vore konsertar kvart år på Leikarvollen, bortsett frå da landet var koronastengt.

– Musikken er fristaden min, når eg får høyre på musikk og planlegge konsertar kjenner eg på ein fridom, seier Edvin.

Store namn

Edvin har mange musikarnamn han ønskjer å ta kontakt med framover. Han er ikkje ferdig med å arrangere konsertar. Han har ein draum om å få Sivert Høyem til Leikarvollen, men seier også at det er på tide at han får tak i ein kvinneleg artist, Eva Weel Skram og Dagny er artistar han har sansen for.

Dagny i ein akustisk setting hadde vore magisk!

Edvin er svært fornøgd med å ha fått booka Espen Lind og Skjalg Raaen.

Duo-formatet passar veldig godt på Leikarvollen, og dette er artistar i toppklassen, seier Edvin.

Håpar folk vil komme ein kolsvart novemberkveld og få med seg denne unike konserten.

Her er ei helsing frå Espen Lind til dei som har tenkt seg på konsert den 5. november.

ANNONSE:

Espen Lind - ein akustisk aften på Leikarvollen Scene

Billett kan kjøpes i døra (vipps) eller via: https://tikkio.com/tickets/29786-espen-lind-ein-akustisk-aften

Powered by Labrador CMS