ANNONSE:

Åpent på sjøbruksmuseet hver søndag i sommer, ulike tema hver gang.

Idrettshistorie på museet

Publisert Sist oppdatert

Leikarvollen stadion i Bøfjorden fyller 50 år. Historikk om banen og idrettslaget blir søndagens biletkåseri på sjøbruksmuseet.

Bøfjord IL vart stifta i 1946 og hadde først ein liten grusbane. Glimt frå første tida, m.a. med det legendariske Makkolaget, er med i programmet.

I nesten 20 år var så Bøfjord utan eigen bane. «Heimekampane» gjekk på Halsa og i Surnadalen (mest Bjørn-banen). Laget gjorde det likevel godt - med kretsmesterskapet i 1967 som eit høgdepunkt.

Etter stor dugnadsinsats kunne ny grasbane på Leikarvollen takast i bruk i 1973. Sia kom klubbhus med garderobe - før dette vart kombinert med nytt grendahus på 1990-talet.

Aktiviteter – også handball - i 1987: «Garderoben» på 1940- og 50-talet var sommarfjøset til høgre!

Tema på museet søndag blir altså fargerike glimt frå fotball og annan idrett i Bøfjorden - både før og etter bygginga av Leikarvollen. Arrangøren håpar både veteranar og unge talent stikk innom.

Programmet kjem i høveleg tid etter avslutninga av søndagens Blåfjelløp mellom Bøfjorden og Halsa og er ei fin oppfølging av dette.

Torbjørg og Inger Lise byr i alle fall på kaffe og småbrød, is og brus.

Her er «Makkolaget» frå rundt 1950 - med underty som skjorter! Fremst frå venstre: Kåre Dønheim, Sverre Holm og Steinar Sæterøy. Midtrekkja: Kåre Staknes, Johan Ansnes og Sverre Bøe. Bak: Ingvar Bøklepp, Aksel Bøe, Tore Sollid, Olav Jan Sættem og Odd Heggem
Fotballaget i 1973: Fotballaget i første sesong på nybanen. Fremst frå venstre: Helge Bjørn Bæverfjord, Peder Snekvik, Kjell Svendsli, Arvid Skrøvset og Ola Sæther. Bak: Bak: John Heggem, Olav Egil Ansnes, Bernt Bøe, Gunnvald Bøe, Edvard Settem og Rolf Gunnar Hamnes.
Skirenn ved Leikarvollen i 1996.
Skirenn ved lagets 50-årsjubileum i 1996 – med Leikarvollen som arena.
Leikarvollen – godt namn på banen som no fyller 50 år.
Trim i flott natur har samla mange gjennom åra. Her er det «Trimtreff» i Osen rundt 2005.
Trim i flott natur har samla mange gjennom åra. Her er det «Trimtreff» i Osen rundt 2005.
Powered by Labrador CMS