Julekonsert i Rindal kirke

Blæst'n i Rindal kirke
Musikkorpset Blæst'n under strålane

Julekonsert med godteri - også i andakten

I år var det Musikkorpset Blæst'n som inviterte til julekonsert i Rindal kirke siste fredagen før jul. Ingen tvil - når vi gjekk heim denne kvelden kjente vi at jula var tett utom grinda!

Publisert
Julekonsert med velfyllt kirke
Velfyllt Rindalskjerke på julekonserten.
Blæst'n
Blæst'n.

Blæst'n opna konserten med brask og bram - Hark the Herald Angels Sing, og alle i den fullsette kirka lytta. Så gjekk dei over til det litt varare, lyse hovedtemaet frå filmen "Tre nøtter til Askepott" etter at dirigent for Blæst'n Olav Morten Tørset hadde ønska alle velkomne. Med melodien "Bella Notte" (Lee/Bruke) lova dei at dette ville bli ein fin kveld.

Mayla Nilsen Nordlund var solist i lag med Kor Gøttj.

Kor Gøttj framførte først "White Christmas" (Irving Berlin), ein julemelodi som har mange år bak seg. Dei følgde opp med Astid Smedplass sin mykje nyare "Når snøen smelter" med Mayla Nilsen Nordlund som solist med sin inderlege og mjuke stemme.

Med "Julenatt" av Tore Aas fekk dei markert at -Ventetiden er over - snart.

Kor Gøttj i Rindal kirke.
Kor Gøttj.
Karianne, Sigve og Johanne Holten
Søskena Karianne, Sigve og Johanne Holten.

Kveldens nye bekjentskap for mange var Karianne - gitar og song, Johanne - flygel og Sigve Holten - bass og song, frå Surnadal. En musikalsk familie som vi gjerne hører meir frå!

Dei opna med Vazelina Bilopphøggers "Hem'att te jul," og det var det nok mange fleire enn dei som var i kirka som var denne fredagskvelden.  "Vise ved vintersolkverv" av Hekla Sålstrenga var andre innslaget frå søskenflokken.

Lene Gåsvatn på preikestolen.
Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen.

Sokneprest Lene Gåsvatn heldt ein munter, men tankevekkande andakt. Utgangspunktet var å stele 

- Nei, ikkje juletre, understreka presten. Ho skjøna at mange kunne tenkje på eit lesarinnlegg av henne på Trollheimsporten nyleg. 

- Nei, det skal handle om ei  lita jente som foretok eit smågodt-tjuveri på Deltrans medan faren snakka med Morten, eller kanskje det var Olav Morten, dirigenten til Blæst'n.

Vel ute i bilen oppdaga faren godteriet. Det bars rett inn i butikken att, tilbakelevering og skikkeleg oppgjør! Lene viste fram godteposen.

Morten tok imot dei, men historia endte ikkje slik du venta. Morten sa at jenta berre kunne behalde godteriet. Og ikkje berre det, han gav ho enda litt meir godteri! Lene viste fram ein pose til.

Dette var sjølvsagt ikkje ei oppfordring til å dra på Deltrans å stele godteri! Dette handla om nåde, å få meir enn vi kan gje tilbake. Ei overraskelse.

- Så til Gud! Gud gir oss nåde. Han er minst like raus som Morten (og Olav Morten) på Deltrans!

AMEN  - avslutta Lene prest.

Blæst'n, tom stol, flygel
Vi skimtar ein tom stol i Blæst'n.

Det vart meir alvor under konserten. I første rekka hos Blæst'n var det ei tom stol med klarinetteske på og ein velbrukt klarinett framom. Dirigent Olav Morten Tørset forklarte at det var plassen til Jan Sturla Jensvold som døde denne veka. Jan Sturla hadde vore viktig for Blæst'n. Klarinett var instrumentet hans, men han sørga og for at Blæst'n hadde sin eigen trekkspellar, og han var bussjåfør for dei. 

Ledig stol med klarinett.
Plassen til Jan Sturla Jensvold i Blæst'n med gammelklarinetten.

Olav Morten mintes at Jan Sturla somme tider ønska å auke tempoet under øving og oppvarming. Han foreslo for Blæst'n at dei skulle spele nr. 42 i oppvarmingsheftet. Dermed fekk vi ei lettbeint framføring av melodien til songen "Hvilken venn vi har i Jesus." (Sjå tekst i ramme).

Hvilken venn vi har i Jesus

Hvilken venn vi har i Jesus!
Alt han vet og alt formår!
Tyngste byrde han oss letter
Når i bønn til ham vi går

Akk, men titt vår fred forstyrres
Sorg og møye blir vår lønn
Blott fordi vi ikke bringer
Alle ting til ham i bønn

Blir du fristet eller prøvet
Synes livets kamp deg hård
Aldri skal du miste motet
Når i bønn til ham du går

Selv om kjærest venn deg svikter
Aldri svikter deg Guds sønn
Han alene deg kan trøste
Tal til ham om alt i bønn!

Er ditt hjerte fullt av uro?
Tror du trengsler forestår?
Jesus er den beste tilflukt
Når til ham i bønn du går

Kan en sådan venn du finne
Som Guds egen kjære sønn?
Bær i gleden som i sorgen
Alle ting til ham i bønn!

Tilbake i konsertmodus var det tid for mindre grupper.

Bettina Røen Helgetun, song, og Dagrun Løset ved flygelet.
Bettina Røen Helgetun og Dagrun Løset.

Først ut var Bettina Røen Helgetun. "Når himmelen faller ned," av Anne Grete Preus vart framført med Dagrun Løset ved flygelet. Vibeke Langli, tvillingsøster til Bettina slo seg i lag med dei og vi fekk høre Elle Melle sin "Himmelhøge sti."

Tvillingane Bettina og Vibeke med Dagrun ved flygelet.
Tvillingane Bettina og Vibeke med Dagrun ved flygelet.
Ronny Kjøsen og Marit Løfaldli
Ronny Kjøsen og Marit Løfaldli.

Siste par ut var Marit Løfaldli og Ronny Kjøsen som tok oss lokalt med teksta "Advent" av Astrid Krog Halse og "Jul" av Øyvind Hoset. Ronny Kjøsen stod bak melodiane på begge songane og akkompagnerte først på trekkspel, så på flygel, før han drog opp på galleriet for å betjene orgelet.

Ronny oppe i galleriet hører på rosande ord frå kulturledaren.
Ronny får rosande omtale frå kulturledar Morten Møller.

Da steig kulturledar Morten Møller fram med blomsterbukett. Dermed måtte Ronny ned i kirka att, for kommunen ønska å ære han fordi han nettopp hadde fått Trøndelag Fylkeskommune sin kulturpris.

Ronny får blomster frå kommunen ved Morten Møller
Blomsteroverlevering til ståande applaus!
Rindal sin nytilsette kyrkjemusikar Ronny Kjøsen på plass ved kyrkjeorgelet.

Vel oppe ved orgelet leda prisvinnaren forsamlinga gjennom allsong av "Glade Jul" før Blæst'n runda av konserten med "Walking in the Air" frå filmen "The Snowman" og til slutt "Julen er her" med flott trompetsolo av dirigent Olav Morten Tørset.

Blæst'n og Olav Morten Tørset i Rindalskjerka
Olav Morten Tørset spela solo i lag med Blæst'n.

Om det var nokon som ikkje var i julestemning da, så vart dei det i alle fall dei neste minutta. Da vart konserten avslutta tradisjonelt med "Deilig er jorden" med kor, korps, orgel og ståande forsamling.

Film: Ole Trygve Foseide

Julekrybbe
Julekrybba var på plass og ønska oss velkommen til kyrkja.
Powered by Labrador CMS