Kyndelsmessbasar

- Enn om vi kan vinne noko av dette!

Kyndelsmessbasar på "Kyndelsmessaften"

Sidan det var kø av arrangement denne veka, vart årets Kyndelsmessbasar arrangert dagen før, på Kyndelsmessaften, viss det er noko som heiter det.

Publisert

Som vanleg var det seld noko lodd på førehand, på COOP Exstra og nokre husbesøk, men det var folket som strøymde til Rindal Menighetshus denne onsdagskvelden, som fekk oppleve basarsøgen og sørge for verdig gave til misjonen, Det Norske Misjonsselskap.

Blide songarar frå Rindal Barnekor leda av Ronny Kjøsen og Elsa Jensvold hadde ei fin avdeling før åresalget.

Dyktige ungar hjelpte til med utdeling av gevinstar etter kvart som Kjellaug og Tove foretok trekking.

Etter 6 rundar med åresalg og mange utdelte gevinstar var det trekning på dei listene som hadde vore ute på førehand i tillegg til under basaren.

Her ser du bilde frå åresalget, med mange glade vinnarar!

Brit Elin ser ikkje bort frå at nokon av dei yngre i familien får seg nye briller!

Ledar i Rindal Misjonsforening, Kjellaug Foseide, var godt fornøgd med resultatet av basaren, sjølv om det ikkje kom inn like mykje til misjonen som før pandemien. Ho retta også ein stor takk til alle som hadde sponsa basaren med gevinstar, og ikkje minst alle som hadde kjøpt lodd og årer.

Snart er det siste sjanse for å vinne. Mange har alt fleire gevinstar på bordet framfor seg.

Alle på basaren var også bortom luka til kjøkkenet der Brit og Berit hadde både smørbrød, kaffebrød og sviskegraut til salgs til spottpris, - men sikker valuta for pengane!

Nedanfor ser du vinnarane av listegevinstane.

Powered by Labrador CMS