ANNONSE:

Nidarosdomens Jentekor, 2016
Nidarosdomens Jentekor, 2016

«Julefryd» blir flytta til kulturhuset - legg ut ekstra billettar

Vårsøghelga arrangerer førjulskonsert i Surnadal kulturhus søndag 6. desember kl 14.00 med Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Nordstad.

Oppdatering 25. november:

Julekonserten «Julefryd» med Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Norstad blir flytta frå Stangvik kyrkje til Surnadal kulturhus, pga regelen med fastmonterte seter.

Tidspunkt og dato blir den same. Søndag 6. desember kl 14.00

Det blir i løpet av denne veka lagt ut nokre få ekstra billettar til konserten, som selges via Surnadal kulturhus på nett, og i billettautomaten på kulturhuset. Vi oppfordrar vårt publikum til å følge anbefalte smittevernsreglar.

Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene har eit utstrakt samarbeid gjennom mange år. Med konserten «Julefryd» i Nidarosdomen, har dei siden 2012 satt det trønderske publikummet i julestemning.

TrondheimSolistene
TrondheimSolistene

I 2020 tek Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene for fyrste gong «Julefryd» ut frå nasjonalhelligdommen, til det Midt-norske publikummet. Med tre unike konsertar i bl.a Stangvik kyrkje i Surnadal, vil vi saman med Mezzo-sopranen Astrid Nordstad få høyre eit program som spenner frå kjente og kjære julesongar, men også noko nytt - alt frå mektig og stort, til stille og gripande. Allsong blir det også.

Astrid Nordstad
Astrid Nordstad

Mykje av repertoaret har dei faktisk aldri presentert utenfor Nidarosdomen før. Det blir over 80 songarar frå det som regnes som eit av europas fremste jentekor, TrondheimSolistene og solist Astrid Nordstad. Astrid Nordstad er ei av korets tidligere songarar. Astrid debuterte på Den norske opera i 2019, og er eit av våre største talenter innafor klassisk song.

I 2020 mottok Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistenes utgivelse «LUX» GRAMMY Award i USA. Dette er fyrste gong eit album med eit norsk kor og orkester mottek denne høythengande prisen. Deira album «MAGNIFICAT» fikk også ein GRAMMY-nominasjon i 2014.

Konsertane er gjort muleg gjennom støtte frå Sparebank1 SMN – Hovedsamarbeidspartner både til Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene.

Billettsal på surnadal-kulturhus.no og på Surnadal kulturhus.


Medvirkande:

Nidarosdomens jentekor
TrondheimSolistene
Astrid Nordstad, mezzosopran
Maria Næss, flygel
Anita Brevik, dirigent